Tilsyn og maritime sertifikat/LOC

Maritime sertifikat

Sjøfartsdirektoratet utferdar maritime sertifikat på grunnlag av

  • Dokumentkontroll
  • Verifikasjonar om bord
  • Reiarlaget sitt tryggleikstyringssystem

Vedlegg til sertifikata

Sjøfartsdirektoratet utferdar følgjande vedlegg til sertifikata:

  • Annex I: Operasjonsavgrensingar
  • Annex II: Aksepterte dispensasjonar
  • Påleggsliste: Liste over pålegg og midlertidige unntak med tidsfrist

Førstegangsregistrering

Ved førstegangsregistrering av flyttbar innretning (nybygg/innflagging/omregistrering frå anna fartøysgruppe), vil hovudsakleg Sjøfartsdirektoratet sine avdelingar "Flyttbare innretningar" (FI) og "Skipsregistrene" vere involvert i prosessen.

Avdeling FI vil gjere tilsyn med fartøyets tekniske og operasjonelle sikkerheit, medan avdeling Skipsregistra vil registrere fartøyet i norsk skipsregister.

For å starte prosessen sender ein inn skjema «Application for certification – Mobile Offshore Unit » til post@sdir.no . Det vil då bli invitert til eit oppstartsmøte. Norsk kjenningssignal, samt eventuelt IMO nummer, blir tildelt på grunnlag av denne meldinga. Det skal vidare sendast inn dokumentasjon til begge avdelingane.

Avdeling FI vil be om dokumentasjon iht. dokumentliste, medan avdeling Skipsregistrene vil be om dokumentasjon og skjema for Nyregistrering av næringsfartøy over 15 m eller Nyregistrering i NIS.

Ta gjerne kontakt med avdelingane for naudsynte avklaringar.

Fornying av sertifikat

Ved fornying av sertifikat skal dei nyaste forskriftsversjonane leggast til grunn. Reiarlaget må då utarbeide og sende inn GAP-analyser til Sjøfartsdirektoratet.

I tillegg skal reiarlaget vurdere tidlegare aksepterte dispensasjonar (Annex II) med tanke på eventuell korrigering, eller bortfall på grunn av nye reglar.

Konklusjonar sendast til Sjøfartsdirektoratet.

Dispensasjon

Dispesasjonssøknadar skal minimum innehalde:

Forskrift og paragraf det skal søkast dispenasjon frå.Skildring av avvik.Grunnar for kvifor dispensasjon bør aksepterast (kompenserande tiltak / likeverdig løysing / risikovurdering).Stadfesting om det er mellombels eller permanent. Søknad om mellombels dispensasjon skal påførast dato for lukking.

Dersom unntaket kan ha noko å seie for tryggleiken og arbeidsmiljøet, skal ein utsegn frå arbeidstakarane sin tillitsvalte, fortrinnsvis koordinerande hovudverneombod, leggast ved søknaden.

Andre tilsynsetatar

Sjøfartsdirektoratet har samarbeids-/bistandsavtalar med følgjande etatar for delegering av tilsynsoppgåver på flyttbare innretningar:

  • Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Avtalen gjeld tilsyn med elektrisk anlegg og elektrisk utstyr.
  • Luftfartstilsynet. Avtalen gjeld tilsyn med helikopterdekk.
  • Radioinspeksjonsforetak Avtalen gjeld tilsyn med radioutstyr.

Sjøfartsdirektoratet koordinerer tilsyn som skal utførast av desse etatane.

Klasseselskap

Nærings- og fiskeridepartementet(NFD) har avtalar med følgjande klasseselskap for delegering av tilsynsoppgåver for flyttbare innretningar:

  • American Bureau of Shipping (ABS)
  • DNV
  • Lloyds Register of Shipping (LRS)

Det er delegert tilsynsoppgåver (herunder sertifiseringsoppgåver) i henhold til følgjande:

Annex I to Agreement 1 June 2002
annex-ii_eif_1_11_2022
Annex VI to

Letter of Compliance (LOC)

Sjøfartsdirektoratet kan etter søknad frå reiarlaget utferde eit såkalla «Letter of Compliance» (LOC) for eit utanlandsk registrert fartøy som ikkje er underlagt tilsyn frå Petroleumstilsynet (SUT-ordninga).

Eit slikt dokument vert utferda etter at Sjøfartsdirektoratet med tilhøyrande tilsynsetatar har gjennomført dokumentkontroll og verifikasjon om bord tilsvarande som for ein norskregistrert flyttbar innretning, og funne at fartøyet følgjer dei tekniske og operative krava i Sjøfartsdirektoratet sine forskrifter for norskregistrerte flyttbare innretningar (med unntak av krav som gjeld bemanning og tryggleikstyringssystem).

Avtalane med andre tilsynsetatar som nemnt over, gjeld òg i desse høva.

Sakkyndige virksomheter type A-1

Du vil finne ei oversikt over sakkyndige virksomheter type A-1 ved å gå hit.