Målet til Morten Måke er å imponere den store kjærleiken sin som bur ute på fyret. For å klare dette må han vise at han har det som skal til; godt sjøvit.

I Sjøvettspillet får du styre båten mellom stakar og skjer og møtande trafikk, finne nyttige gjenstandar og løyse utfordrande oppgåver. Det krevst både kunnskap og godt sjøvit. Klarer du å komme deg heilt ut til fyret?

Sjøvitsspelet passar for alle som vil lære meir om sjøvit og bruk av fritidsbåt. Spelet passar både til bruk i klasserom, i grupper eller som morosam og lærerik underhaldning heime i stova.

Kanskje du vil konkurrere med vennene dine for å sjå om kven som kan mest om sjøvit? Her er det om å gjere å få mest poeng.

Last ned, og bli betre kjent med Morten Måke og det å ferdast trygt på sjøen. Kanskje skal du sjølv føre din eigen båt ein dag?

 

Last ned for iPhone og iPad

Sjå den gamle utgåva

Dersom du har lyst til å vere ordentleg *retro, kan du sjå tilbake på den gamle versjonen av Sjøvettspillet (krev Flash-spelar), som blei utvikla i samarbeid med Redningsselskapet i si tid.