Du kan gå direkte til sertifikatsøknad frå sertifkatmodulen på Mi side.
Utfylling av søknad skjer i Altinn.
Før du fyller ut skjemaet, er det lurt å gjere følgande:
- Finn fram nødvendig dokumentasjon, f.eks. vitnemål, kursbevis, fartstid o.l.
- Skann (eller ta bilete av) vedlegga dine.
- Last ned, fyll ut og skann signaturskjemaet. Du kan òg laste opp ein kopi av signaturen din på profilsida på Mi side.
- Finn fram eit nyare passfoto. Dette kan lastast opp i sertifikatsøknaden eller frå profilsida på Mi side.
- Viss du treng å dokumentere bruvaktteneste eller maskinvakttjeneste, må du laste ned sjekklista, fylle ut og skanne denne.
- Finn fram bank-ID eller påloggingskodar for å logge på Mi side.
- Finn fram bankkort for å betale sertifikatgebyret. NB: Søknaden må betalast elektronisk, du får ikkje faktura tilsendt.
Når søknadsskjemaet er fylt ut, kjem du til ei betalingsløysing. Du kan òg betale seinare ved å logge inn på Mi side.
Søknader vert ikkje handsama før gebyret er betalt.