Forskrifta gjeld for norske fartøy med 35 eller færre personar om bord som blir brukte av opplæringsinstitusjonar.
Fartøyet må ha ei største lengd under 24 meter, gå i innanriksfart og operere i maksimum 15 knop. Personar om bord som ikkje inngår i bemanninga, skal vere knytte til opplæringsinstitusjonen.
Med opplæringsinstitusjon er meint ein institusjon som er omfatta av barnehageloven, grunnskuleopplæringa i opplæringslova, grunnskuleopplæringa i friskolelova eller folkehøyskoleloven.
Krav om registrering av føretak
Fartøy som følgjer forskrifta, skal ikkje sertifiserast av Sjøfartsdirektoratet. Men før passasjertransporten startar, skal reiarlaget registrere opplysningar om verksemda på denne sida.