Alle nye fartøy med største lengde frå 6 til 8 meter skal ha ein byggebekreftelse. Byggebekreftelsen skal stadfeste at fartøyet er bygd i samsvar med aktuelle krav. Meir informasjon om byggebekreftelse er samla på denne sida. Fiskeridirektoratet vil mellom anna kreve at ein kopi av byggebekreftelsen blir innsendt før dei kan akseptere ein søknad om ervervstillatelse. Kravet om byggebekreftelse er heimla i forskrift 22. november 2013 nr. 1404 om fiske- og fangstfartøy under 15 meter største lengde (sjarkforskrifta). 

Nybygg

Når ein kjøper eit nybygd fiskefartøy mellom 6 og 8 meter er det viktig å være merksam på at byggebekreftelsen ikkje skal utferdast før båtbyggar har vurdert effekten av eventuell utrusting som blir ettermontert for ei spesifikk driftsform. TIl dømes vil innhalingsutstyr, løfteinnretningar eller tankar på dekk kunne ha betydning for stabiliteten til fartøyet. 

I tillegg til krava som byggebekreftelsen stadfestar at er oppfylte er det viktig at reiar også er merksam på at det kan være krav knytta til radio, redningsutstyr, elektriske anlegg mv. som reiar sjølv er ansvarleg for at er oppfylte. Meir om informasjon om dette ligg under krav, regelverk og utstyr.

Innflagging

Eit fartøy som blir kjøpt inn frå utlandet som ikkje har vore registrert som fiskefartøy tidlegare skal oppfylle krava til nytt fartøy. Det betyr at fartøyet, dersom det er er mellom 6 og 8 meter største lengde, skal ha byggebekreftelse. Også fartøy som tidlegare har vore registrerte som fiskefartøy i utlandet før dei vart innflagga til Noreg, skal ha byggebekreftelse. Der forskrifta gjev opning for det, kan desse fartøya vurderast opp mot krava som gjaldt på tidspunktet dei vart bygde. Dersom fartøyet på eit tidspunkt har vore gjenstand for omfattande ombygging, skal dei delane som var berørt av ombygginga oppfylle krava som gjaldt på ombyggingstidspunktet. 

Eksisterande fartøy som skal registrerast som fiskefartøy for første gang.

Fartøy som aldri tidlegare har vore registrert som fiskefartøy skal oppfylle krava til nytt fartøy ved førstegangsregistrering som fiskefartøy.

Registrering av fartøy i skipsregistra

Sjøfartsdirektoratet stiller ikkje krav om at fiskefartøy under 8 meter største lengde skal være registrert i skipsregistera, men mange ønsker likevel å registrere fartøyet sitt. Informasjon om prosessen for registrering kan ein finne her.