Tilsyn og pålegg

Sjøfartsdirektoratet sin rett til å gjennomføre umelde tilsyn på fiskefartøy med største lengde under 8 meter er heimla i lov 16. februar 2007 nr. 9 om skipssikkerhet § 43. Ved umelde tilsyn nyttar Sjøfartsdirektoratet KS-0108-5B Uanmeldt inspeksjon - Fiskefartøy med største lengde fra 6 - 8 m. Vi rådar alle fartøyeigarar til å gå gjennom sjekklista med jamne mellomrom. Slik kan ein sikre at mange av dei viktigaste krava er oppfylte. Det er likevel viktig å understreke at sjekklista ikkje dekker alle krava som er spesifisert i regelverket og at det til eikvar tid er fartøyeigar som er ansvarleg for at krava er oppfylte. For meir informasjon om kva krav og regelverk som gjeld for fiskefartøy under 8 meter, sjå Regelverk, krav og utstyr.

 

Dersom det vert avdekt avvik under umeldt tilsyn

I sjekklista skiller Sjøfartsdirektoratet mellom såkalla A-avvik og B-avvik. Dersom det ved eit umeldt tilsyn vert avdekt at fartøyet har eit A-avvik vil Sjøfartsdirektoratet utferde eit pålegg om at avviket rettast opp med frist "før fart". Dette betyr at fartøyet ikkje kan nyttast før avviket er retta. B-avvik vil medføre eit pålegg med ein tidsfrist. Så lenge avviket rettast innanfor tidsfristen vil fartøyet kunne driftast videre utan opphald. Dersom tidsfristen ikkje overhaldast vil pålegget kunne verte omgjort til "før fart" og fartøyet vil ikkje kunne nyttast til fiske før avviket er retta.

 

Søknad om utsetting av tidsfrist for pålegg

Ein eventuell søknad om utsetting på tidsfristen for B- eller C-pålegg skal sendast til post@sdir.no. I søknaden må det gjerast greie for kvifor utsettinga er naudsynt og tryggleiksmessig forsvarleg. Dersom søknaden vert avvist vil den opphavelege påleggsfristen være gjeldande.

 

Rett til å klage på pålegg

Når det blir utferda eit pålegg er det å rekne som eit enkeltvedtak som ein kan klage på til Nærings- og fiskeridepartementet jf. § 28 i forvaltningsloven. Informasjon om dette kan finnast her. Ved klage på pålegg skal skjema for klage på vedtak, gebyr, pålegg o.l. nyttast.

Sjekk sjarken

Sjekk sjarken er ein kampanje som vart sett i verk for å auke medvitet om tryggleik i sjarkflåten. Informasjon om dette kan du finne her.