Skipsregistra
For fiskefartøy med største lengde under 15 meter er registrering i skipsregistra frivillig. Dersom du sel eller kjøper et fartøy som er registrert i skipsregistra må eigarskiftet bli meldt inn. Informasjon om dette kan du finne her: Eierendring NOR under 15 m - Sjøfartsdirektoratet
Informasjon om registrering av båtar som ikkje tidlegare har vore registrerte kan du finne her: Fiskefartøy under 15 m - Sjøfartsdirektoratet
Fartøy som ikkje er registrert i skipsregistra
Sjølv om fartøyet ikkje er registrert i skipsregistra kan det være registrert som fiskefartøy i fiskeridirektoratets fartøyregister. Alle fartøy i fiskeridirektoratets fartøyregister har eit fiskerinummer som blir tildelt i samband med tildeling av ervervstillatelse. Ved eigarskifte vil fartøyet få tildelt eit nytt fiskerinummer. Sjølv om fiskefartøy med største lengde frå 8 til 15 meter ikkje er registrert i skipsregistra vil dei være regsitrert i i Sjøfartsdirektoratet sitt interne fagsystem. Det er eigarinfo i dette systemet spom blir benytta når årsgebyret blir sendt ut. Derfor er det viktig at eigarskifte blir meldt inn til Sjøfartsdirektoratet på e-post, post@sdir.no, dersom båten ikkje er registrert i skipsregistra. For fartøy som er registrert i NOR (Norsk ordinært skipsregister) vil oppdateringa av eigarinfo i Sjøfartsdirektoratets interne fagsystem skje automatisk.
Båt som ikkje tidlegare har vore registrert som fiskefartøy
Dersom du kjøper eit fartøy som ikkje tidlegare har vore registrert som fiskefartøy skal fartøyet framstillast for fullstendig kontroll hos godkjent føretak og ha gyldig fartøyinstruks om bord før fartøyet kan settast i drift som fiskefartøy. Det same gjeld dersom du kjøper eit fiskefartøy med utløpt fartøyinstruks. Det er viktig å være merksam på at dersom fartøyet ikkje tidlegare har vore registrert som fiskefartøy skal det året det registrerast bli lagt til grunn som byggeår ved vurdering av krava i regelverket.
Fartøyinstruks
Fartøyinstruksen er i utgangspunktet gyldig etter eigerskifte, men ny eigar må sørge for at laust tryggleiksutstyr som brannsløkkingsapparat, redningsvestar, redningsdrakter, bluss, mv. er om bord. Videre er det viktig å være merksam på at fartøyinstruksen inneheld informasjon om driftsform, reiskapsvekt, maksimal lastekapasitet og type last i lasterom. Dersom ny eigar ønsker å endre til dømes driftsform må vedkommande forsikre seg om at han kan operere innanfor dei avgrensingane som er gjeve i instruksen, eller be eit godkjent føretak om ei vurdering av endringane som blir gjort.