Helseundersøkinga

  • Publisert: 27.07.2017
  • Endret: 27.10.2020

Her finn du det sjømannslegar normalt treng i samband med gjennomføringen av ei helseundersøking.

Helseundersøkinga

Som sjømannslege skal du kontrollere om arbeidstakar har tilstrekkeleg helse til å klare å utføre arbeidet om bord på ein sikker måte, både under ordinær drift og i nødsituasjonar.

Du skal mellom anna undersøke syn/fargesyn, høyrsel, arbeidstakaren si fysiske funksjonsevne, og sjå på eventuell bruk av medisinar mv.

Ved avslutta undersøking skal du gi arbeidstakaren utskrift av elektronisk helse -og/eller udyktighetserklæring. Dersom elektronisk versjon ikkje er tilgjengeleg, skal du nytte helse- og/eller udyktighetserklæring i papir på skjema KS 0499-1 B/E og/eller KS 0415 B/E. Resultatet frå helseundersøkinga skal alltid etterregistrerast når det elektroniske systemet igjen er tilgjengeleg.

Kven betaler for helseundersøkinga

Helseundersøkinga betalast av rederiet.

Rettleiingar:

Veiledning til helseforskriften

Veiledning til rapportering i Altinn

 

Fant du det du lette etter?

NB! Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettsidene.

Til toppen