Tips oss om kritikkverdige forhold om bord her

 

Ingen skal grue seg til å gå på jobb i den maritime næringa. Den enkelte arbeidsgjevar har ansvar for å følgje opp at ingen opplever trakassering eller seksuell trakassering når dei er på jobb. Sjøfartsdirektoratet har nulltoleranse og vil òg ha fokus på dette i sine tilsyn i tida som kjem.

24. august 2022 blei ein samarbeidsavtale mellom Sjøfartsdirektoratet, Likestillings- og diskrimineringsombodet og utvalde organisasjonar signert. Avtalen tar for seg tiltak som skal førebyggje og hindre seksuell trakassering i næringa. Bakgrunnen for denne avtalen var at fleire kvinnelege fiskarar sto fram i media og fortalde om alvorleg trakassering og seksuell trakassering.

Sak om avtalen kan lesast her: Signerte samarbeidsavtale - Sjøfartsdirektoratet

Nulltoleransen mot trakassering og seksuell trakassering gjeld alle fartøygrupper og næringar.

Kva gjer Sjøfartsdirektoratet for å førebyggje trakassering?

Om direktoratet blir kjent med at trakassering skjer, skal vi følgje og hjelpe reiarlag og enkeltpersonar vidare på vegen.

Sjøfartsdirektoratet gjennomfører opplæring for sine inspektørar ved å bruke kursmateriell som blir utforma av Likestilling- og diskrimineringsombodet. Målet er at inspektørane skal vere betre rusta til å handtere saker der trakassering og seksuell trakassering er eit problem. Informasjon om trakassering og seksuell trakassering skal inkluderast i sjekklister for tilsyn.

Direktoratet planlegg å delta på erfaringsmøter med Arbeidstilsynet. I tillegg skal vi jobbe for å tydeleggjere arbeidsgjevar si plikt når det gjeld psykososialt arbeidsmiljø i skipsarbeidsloven og skipssikkerhetsloven.

Kva er trakassering?

Det er trakassering når ein person blir utsett for uønskte negative handlingar eller ytringar som skal krenke, skremme, nedverdige eller audmjuke. Dette kan for eksempel vere uønskt seksuell merksemd, plaging, utfrysing eller sårande fleiping og erting. Dei viktigaste kjenneteikna ved trakassering er at framferda ikkje er ønskt eller oppfordra.

Trakassering finst i mange ulike variantar, og mobbing og seksuell trakassering er dei mest kjende formene. 

Kva er seksuell trakassering?

Seksuell trakassering kan vere både fysisk, verbal og ikkje-verbal (kroppsspråk).
Seksuell trakassering kan vere alt frå uønskte seksuelle kommentarar om kropp og utsjånad, klåing, tafsing, berøring til seksuelle overgrep. Vising av bilete og videoar med seksuelt innhald kan òg vere seksuell trakassering.
Det er i utgangspunktet ikkje eit krav at den seksuelle trakasseringa må skje gjentatte gonger. Enkeltståande hendingar eller ytringar kan difor vere trakassering.

Kva er mobbing?

Når negative hendingar systematisk og vedvarande blir retta mot éin og same person, er det mobbing. Mobbing er ei form for trakassering.

Mobbing kan ha mange former. Det kan vere snakk om å bli

  • utelukka frå det sosiale nettverket på jobben
  • stadig forbigått eller oversett når oppgåver skal delast ut
  • uriktig eller overdrive skulda for dårleg arbeid
  • erta
  • fleipa med
  • latterleggjort

Mange kan oppleve å bli utsett for ulike former av dette. Slike episodar er uheldige, men for å kalle det mobbing må det skje gjentatte gonger og over tid.

Slik kan du få hjelp om du blir trakassert eller seksuelt trakassert

Ei av dei sentrale oppgåvene til Likestillings- og diskrimineringsombodet er å gi rettleiing. Her får du informasjon om diskrimineringsregelverket og innspel til korleis du kan løyse saka di. Du blir òg vist til rett instans dersom dei ikkje er dei rette til å hjelpe deg. 

Meir info finn du her:

Vil du vite meir om trakassering og seksuell trakassering, regelverk og kva du kan få hjelp til, kan du lese meir via lenkene under. Her finn du òg informasjon om kva arbeidsplassen sin har plikt til å hjelpe deg med.

Sjå innslag frå signering av samarbeidsavtalen under: