– Me har dei siste åra sett ein gledeleg nedgang i fritidsbåtulukker på årsbasis, frå eit snitt på rundt 30 personar dei siste åra, til totalt 20 omkomne i 2020. Denne nedgangen har ikkje vist seg i fyrste halvår. Dette viser at det er viktig å tenkje tryggleik heile året, og i både sjø og elv. Vatnet er kaldare på vinter, vår og haust, og ein vil ha kortare tid på seg for å redde seg sjølv eller tilkalle hjelp, seier fungerande sjøfartsdirektør, Lars Alvestad.  

Lars Alvestad.
Lars Alvestad. Foto: Sjøfartsdirektoratet

Fire personar er framleis sakna

Vestbruk er eit av dei viktigaste forebyggande tiltaka som kan bidra til å redde liv, men ti av dei omkomne brukte diverre ikkje flyteustyr. Fire personar er framleis sakna etter ulukkene.

Les også: Bakgrunnsdata for dødsulykker med fritidsbåt

Sjøfartsdirektoratet trur at bruk av vest kunne ha redda fleire. Flyteutstyr ville uansett ha ført til at dei forulukka ville blitt funne i etterkant av ulukka, og kunne spart fleire familiar frå uvissa om kva som har skjedd.

Det er berre menn som har mista livet i fritidsbåtulukker så langt i år, og snittalderen er på 58 år. Den eldste som omkom var 78 år, medan den yngste var 17 år.

Av de i alt 14 omkomne var 86 prosent 40 år eller eldre. Hovudårsaka til dødsfalla dette halvåret er at dei omkomne har hamna i vatnet, enten ved fall over bord, eller ved at båten har kantra.

Tre personar omkom ved totalforlis, der fartøya framleis ikkje er funne. Totalt fire av personane var truleg påverka av rus eller promille.

Fiske og dårleg ver aukar risikoen

Fire personar har mista livet i samband med fiske. Desse ulukkene har skjedd til dømes under trekking av teiner eller garn, der personane har falle over bord og drukna. Mange av ulukkene dette halvåret har skjedd i dårleg ver. I sju av tilfella var det liten kuling eller meir.

– Dette viser at det er viktig å tenkje tryggleik om ein skal ut på fiske, spesielt om ein er aleine i båten. Me oppmodar til å alltid sjekke vêrmeldinga,  og å ha tryggleiksutstyret på plass, seier Alvestad.

Å bruke dødmannsknapp kan bidra til å redde liv. Det finnes trådlause variantar som ein kan ha rundt halsen, som vil stoppe motoren om ein faller over bord. Det er viktig å ha ein god leider på båten som ein når frå vatnet. Det kan vera tungt å klatre opp i båten igjen med våte klede,  dessutan kan båten kjapt reke langt vekk frå deg om du fell over bord. Det er difor viktig å ha med seg vasstett kommunikasjonsutstyr.

– Ber det gjerne på kroppen, og ikkje nøl med å ringe etter hjelp om du mistar kontrollen, legg Alvestad til.

Fleire kampanjar

Sjøfartsdirektoratet aukar arbeidet med sine tryggleikskampanjar i månadene som kjem. Tilsette langs heile kysten skal ut å snakke med båtfolket om trygg bruk av fritidsbåt gjennom kampanjen «Trygg i båt».

Direktoratet deltek og med kampanjen «Løft Blikket», som har fokus på å vere oppmerksam og avpasse farten, og kampanjen «Klar for sjøen», som har fokus på å vere edru når ein fører båt.

Les også: Nå samler Sjøfartsdirektoratet en rekke offentlige og private aktører til å lage Fritidsbåtplattformen for å øke kunnskapen om fritidsbåtulykker.