1: Premie: Magisk tur på SUP

Foto: Oddbjørn Hultin fekk 1. premien i årets fotokonkurranse med dette biletet.

Juryen fell for dette vakre og stemningsfulle biletet, der blåfargen på brettet står i skarp kontrast til den rolege, mørke sjøen av burgunderrøde vannliljeblad. Å padle SUP, eller «Stand Up Paddleboard» som det står for, har blitt ein populær måte å skaffe seg flotte naturopplevingar på her til lands.

– Eg var aleine på tur, så eg sendte opp ei drone som tok bilete med jamne mellomrom, seier fotograf Oddbjørn Hultin.

– Foto er ein hobby eg har, og eg fant inspirasjon på nett frå andre fotografar som tek bilete av folk på SUP frå lufta. Eg leita lenge etter ein passande stad, og fant til slutt dette vatnet ved Oanes i Rogaland, legg han til. Juryen var einige om at biletet er ein draum å kvila blikket på i ein travel kvardag. Padlaren har vest på seg og – lurt! Vinnaren får eit gåvekort på 5000 kroner og ein flytevest. Gratulerer!


2. premie: Seglglede

02_Anette-Tysnes-Ungar_01.jpg

Foto: 2. premie, Anette Tysnes Ungar 

Seglaren på biletet som får andreplass stråler av båtglede. Det ser ut til at ho har full kontroll og at ho nyt å vere på sjøen. Juryen likte korleis biletet er komponert, med båtfører fint innramma av akterstaget bak, og den raude fargen som gjentar seg i flagget og kleda.

– Biletet er tatt på seglkurs i fjor sommar, seier fotograf Anette Tysnes Ungar. Ho kan fortelje at seglinga gav meirsmak, og at ho og mannen i skrivande stund held på å få transportert ein nyinnkjøpt seglbåt, som dei skal pusse opp, heim til Rogaland. Sjøfartsdirektoratet har sendt av garde ein flytevest i premie, og ønsker lukke til med oppussing og framtidige turar på sjøen!

3. Premie: Sommaridyll

03_Camilla-Ingebrigtsen_02.jpgFoto: 3.premie, Camilla Ingebrigtsen

– Kvar er dette? Dit vil eg dra, kom det frå ein av våre jurymedlemmar. Det sjarmerande biletet er herleg sommarnostalgisk. Juryen merka seg det heimelagde skiltet og fluktstolen som skapte koseleg stemning på brygga. Fotografiet viser at det ikkje alltid skal så mykje til for å skape litt sommarmagi og eventyr i eige land.

– Biletet er tatt 9.juli da vi var på SUP-tur på Vea, Karmøy. Vi var fire stykk som padla i nydeleg ver på ein vindstille sjø. Vi padla fleire kilometer og lukka var stor da vi kom over ein båt-kiosk med ei hyggeleg dame som tok imot oss. Alle kjøpte seg is, og sidan vi alltid har med mobil i vasstett behaldar kunne vi vippse som betaling for isane, skriv fotograf Camilla Ingebrigtsen til oss. Ein ny flytevest er å veg i posten!

Heiderleg omtale:

Mann med oppblåsbar vest som har blåst seg opp

Foto: Vera Waale Brendsrud

Dette blinkskotet sjarmerte juryen. Her er det tydleleg at mannen har falle i sjøen, og det ser slett ikkje planlagt ut. Brillene og kleda er på, vesten har blåst seg opp, han er våt i luggen og ser rimelig overraska ut.
– Me har båt som er akkurat over åtte meter, men dette bilete av far i huset viser kvifor vi alltid bruker vest i båten, frå vi lausnar taua til vi har fortøydd på ny plass, skriv fotografen Vera Waale Brendsrud til oss.

– Eg synest det er kjedeleg å lausne tau og plukke fenderar, så eg sender far ut medan eg legg ifrå og begynner å putre roleg heim på stille vatn. Far skulle «berre» fikse noko, og «plopp» så låg han og kava i vatnet. Det blei heldigvis ei god historie og mykje latter, legg fotografen til.

Her er det klart at familien har planlagt for uforutsette hendingar. Båten har ein solid leider som han kan klatre opp og jolla er med på tur.

Alle fotografane som har fått heiderleg omtale får ei lita overrasking i posten. 

Heiderleg omtale: Det er fort gjort å sjå for seg samtalen mellom måken og mannen her. Mon tru om den freidige måken kunne tenkt seg fisk til middag? Det er fint å sjå at vesten er på. Foto: Elin Fiskå Skårland.

Heiderleg omtale: Biletet er tatt ved Lovund i fjor sommar. Fotografen kunne fortelje at dei var litt uheldige med veret då dei leigde båt på Helgelandskysten, og måtte ligge fire dagar i hamn på grunn av storm. Juryen likte korleis sollyset lagar fin kontrakst til dei mørke skyene og fjellet i bakgrunnen. Foto: Anette Tysnes Ungar.

Heiderleg omtale: Juryen fell for dette biletet som viser venskap, og der tryggleiken til både to- og firbeinte tas på alvor, og gav dette biletet hederleg omtale. Foto: Elin Nicolaisen.

Heiderleg omtale: Juryen likte dette dramatiske biletet, som viser kreftene i havet. Foto: Geir Vangen.

Heiderleg omtale: Dette biletet sjarmerte juryen med sitt herlege opp-ned smil og kreative komposisjon. Foto: Mona Skeie Litlehamar.

Oddbjørn-Hultin_05.jpg

Heiderleg omtale: Dette biletet, tatt fra Skageflå i Geirangerfjorden, viser kor stor og mektig naturen og fjorden kan vera i forhold til to kajakkpadlerar. Foto: Oddbjørn Hultin.