– Vi er eit båtelskande folk og vi kan nyta båtlivet ved verdas finaste kystlinje. Mange seglar, padlar, eller ror, men dei fleste nyttar motor. Det finst over 600000 motoriserte fritidsbåtar i Noreg. Det byr på mykje glede, men det følger nokre klimagassutslepp med, og enkelte andre miljøproblem også. Det aukande båtsalet i seinare år betyr truleg aukande utslepp, og det kan ikkje fortsetta. Det sa klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn, då han opna dag to av Fritidsbåtenkonferansen, som i år blei sendt digitalt 21. og 22. april. Rotevantn viste regjeringas mål om å redusera utsleppa frå sjøfart og fiske med 50 prosent innan 2030.

Saknar insentivordningar

Under konferansen fekk ein sjå at det skjer store ting på teknologifronten, som med tida kan vera med å endra fritidsbåtflåten. Senioringeniør ved fritisbåteiniga i Sjøfartsdirektoratet, Jose Ventura, trekte fram elektrisk framdrift, hydrogendrift og ulike hybridløysingar som løysingar med stort potensiale.

Leif A. Stavøstrand står bak selskapet Evoy, som utviklar og designar elektriske framdriftssystem for båtar. Dei har utvikla ein elektrisk rib med innanbordsmotoer på 800 hestar, som kan brukast i dei fleste båtar der det er plass til batteripakke. Dei har også ein elektrisk utanbordsmotor med 150 hestekrefter under utvikling, som skal på vatnet i desse dagar.  Stavøstrand meiner at potensialet for bruk av slike motorar på fritidsbåtar er stort, men at produkta blir for dyre for privatmarknaden, og Evoy har valgt å retta seg mot proffmarknaden, som havbriuksnæringa og turistverksemd.

– Dersom Noreg kunne fått dei same insentivordningane på plass for båtar som ein har for bilar, ville ein fått prisane ned, og Noreg kunne tatt ein leiande posisjon på denne marknaden, sa Stavøstrand, som har bakgrunn som sjøkaptein og skipsingeniør.

Trur på hydrogenhybridar

Henrik Torgersen er dagleg leiar i Hyrex, som det siste året har jobba med å utvikla eit hydrogenelektrisk driftssystem for fritidsbåtar. I sommar skal ein prototype testast ut på ein spesialkonstruert daycruiser på 28 fot med ein marsjfart på ni til ti knop, og ei rekkevidde på 200 til 250 nautiske mil. Målet er at fartøyet skal følga same driftsmønster som ein ordinær fritidsbåt, og det meiner Torgersen er vanskeleg med reine batteriløysingar.

Ein av dei som har testa ut båtlivet på batteri, er Håkon Ingvaldsen, som har bygd om den 54 fots store seglbåten sin til elektrisk framdrift. Faktisk har han reist tur/retur til Stockholm berre med hjelp av vind og batteri, og heilt utan motorstøy. Han meiner det er mange fordelar med eldrift, men at det ikkje er for alle. Til det går det rett og slett for sakte, men for dei som føretrekker å dorga rundt i skjergarden i rolege snekker, meiner han at el-drift er heilt ideellt, dersom ein får ein god infrastruktur for lading på plass.

Mange utfordringar

­ – Alle vi har snakka med av båtbyggarar, motorimportørar og andre, er einige om at overgangen til elektriske fremdriftsløsninger kjem. Utfordringa er batteriteknologien - vekt, teknologi og ladetid. I tillegg er det  utfordringer knytta til tryggleiken ved batteriteknologien og brannfare, som må løysast før det kan vera trygt å innstallera dette i stor skala, sa Thomas Nicolai Bjønness, som er medlemsansvarleg i bransjeorganisasjonen Norboat. Han la til at heile bransjen ønsker det grøne skiftet velkomen, men at det må politiske insentivordningar på på plass for å fremskunda det, utan å legga avgifter eller andre begrensingar på eksisterande løsyingar.  

 

Prrogrammet for Fritidsbåtkonferansen finn du her, og opptak frå dei ulike dagane finn du under. 

Fritidsbåtkonferansen dag 1

Fritidsbåtkonferansen dag 2