– Klart det har vore krevjande å ikkje kunna vera tilstades under inspeksjonane. Me er heilt klart avhengige av eit godt samarbeid med reiarlag og verft for å kunna gjennomføra inspeksjonar og oppfølging på ein god måte, seier Catho Spissøy, senioringeniør i Sjøfartsdirektoratet.

Han fortel om eit svært godt samarbeid passasjerskipavdelinga i direktoratet og med gruppa som jobbar med nybygg i utlandet. Der er det senioringeniør Morten Svennungsen som har hatt den daglege oppfølginga mot verft og reiarlag på Sefine Shipyard sitt nybygg 42, Bastø Electric.

Høgt timetal

Med fjerntilsyn har timetalet vore noko høgare enn vanleg, fordi inspektørane berre tar ein inspeksjon om gongen på video eller bilete. Då tar det tid å få verifisert alt.

– Me har eit mål om å levera ei tilnærma like god teneste som om me hadde vore til stades på inspeksjon. Me er ikkje heilt der enno, men med eit godt samarbeid med klasseselskap, og delegering av dei inspeksjonane me ikkje har kunna ta på fjerntilsyn, har me landa på det me meiner er et godt resultat, seier Spissøy.

For å visa kor mykje ekstraarbeid det har vore, tok Spissøy ei oppteljing av e-postkorrespondansen på fartøyet, og det vart ikkje lite. Heile 563 e-postar og ei datamengd på 57 gigabyte for fartøyet er ikkje småtteri.

– Eg vil takka reiarlag, verft og DNV GL for eit godt samarbeid. Me gler oss til å kunne vera til stades om bord og på verfta igjen når det vert opna for det.

29 nybygg i 2021

Sjøfartsdirektoratet er no i innspurten av ei stor fergefornying som har gått føre seg dei siste fem åra. I 2021 skal det leverast 29 nybygg til NOR, og mesteparten av dei er ferger med miljøvennleg teknologi eller batteri om bord.

– Me har rikeleg med arbeid og utfordringar i underavdeling passasjer. Det er inspirerande å få vere med når ny teknologi blir diskutert, fortel underdirektør Sonja E. Hillersøy på underavdeling passasjerskip.

Ho opplever god dialog med næringa og mottar stadig gode tilbakemeldingar. Også ho gler seg til å kunne reisa ut og møta folk igjen.

– Årsaka til at det har glidd så fint under nedstengninga av samfunnet er dei nære kunderelasjonane me har opparbeidd oss dei siste åra, legg ho til.