Matvareforsyning er ein kritisk samfunnsfunksjon, og Sjøfartsdirektoratet har mellom anna derfor utarbeidd retningsliner for kontroll av fiskefartøy med største lengde mellom 8 og 15 meter for å sikre at flest mogleg fartøy kan bli sette/haldne i drift samstundes som eit forsvarleg tryggleiksnivå blir halde oppe.

 

Fiskefartøy med fartøyinstruks som må fornyast før 12. juni 2020

Fartøy med fartøyinstruks som har forfall før 12. juni 2020, kan få ei utviding av instruksen på 3 månader utan at det må gjennomførast nytt tilsyn av godkjent føretak. Sjøfartsdirektoratet forlenger fartøyinstruksane for alle fartøy dette gjeld, ved å oppdatere databasen sin. Det blir såleis ikkje kravd at fartøyinstruksar med ny dato skal utferdast og meldast inn til direktoratet. Sjøfartsdirektoratet har utarbeidd informasjon som stadfestar forlenginga av fartøyinstruksen, som skal oppbevarast om bord saman med fartøyinstruksen.

 

Fiskefartøy med mellombels fartøyinstruks som går ut før 12. juni 2020

Sjøfartsdirektoratet aksepterer at det kan utferdast ordinær fartøyinstruks til fiskefartøy som har midlertidig fartøyinstruks, utan at godkjent føretak gjennomfører ny kontroll av fartøyet, dersom reiaren kan dokumentere at alle B-avvik er utbetra. Godkjent føretak kan krevje bevis med bilet- eller videodokumentasjon.

 

Fiskefartøy som er i prosess med å få fartøyinstruks

For fartøyeigarar som er i prosess med å sertifisere fartøyet, vil Sjøfartsdirektoratet i samråd med godkjent føretak i det enkelte tilfellet vurdere om det er grunnlag for å utferde ein fartøyinstruks med gyldigheit avgrensa til 12. juni 2020 utan at det må gjennomførast kontroll hos godkjent føretak. Slike søknader skal sendast til Sjøfartsdirektoratet i samråd med godkjent føretak.

 

Retningsliner for søknad og vilkår for å innvilge

  • Dersom det er avvik som det ikkje er mogleg å få utbetra på grunn av koronautbrotet eller kontrollpunkt det ikkje er mogleg å gjennomføre, skal det informerast om kva avvik/kontrollpunkt dette gjeld og kva tiltak som eventuelt kan gjerast for å kompensere for dette. Ved vurdering av søknader vil Sjøfartsdirektoratet spesielt legge vekt på avvik/kontrollpunkt med alvorsgrad A i kontrollskjemaet.
  • Godkjent føretak skal så langt det er mogleg forsikre seg om at fartøyet oppfyller relevante forskriftskrav.
  • Alle bilete som er lagde til grunn for vurdering av tilstanden til fartøyet, er arkiverte som underlagsdokumentasjon.
  • Fartøy med største lengde under 10,67 meter og med elektrisk anlegg på 50 volt og lågare kan få utferda fartøyinstruks utan at dokumentasjon på det elektriske anlegget ligg føre.
  • Funksjonsprøving av diverse installasjonar og system som skal utførast av godkjent føretak, kan dokumenterast ved hjelp av bilete og video.

 

For at ein fartøyinstruks med ordinær gyldigheit skal kunne utferdast, må ein fullstendig kontroll vere gjennomført på ordinær måte, og all dokumentasjon som krevst i forskrifta, må ligge føre.  

 

Krengeprøver 

Ved gjennomføring av krengeprøver på fiskefartøy under 15 meter aksepterer Sjøfartsdirektoratet at representant for godkjent føretak ikkje er til stades under utføringa av prøven. Godkjent føretak har likevel ansvar for at krengeprøva blir utført i samhøve med vår prosedyre. Dersom ei krengeprøve skal utførast utan at godkjent føretak er til stades, må godkjent føretak oppnemne ein kvalifisert person som har den naudsynte kompetansen til å overvære prøva på vegner av godkjent føretak, jf. kompetansekrav som gjeld for personar som skal overvære krengeprøver for godkjente føretak. Godkjent føretak er ansvarleg for at krengeprøva blir utført i samhøve med prosedyren og må sørge for naudsynte førebuingar blir gjorde. 

 

Dersom ei krengeprøve skal utførast utan at godkjent føretak er til stades eller ein representant som godkjent føretak har avtale med er til stades, skal godkjent føretak:

  1. Gå gjennom krengeprøveprosedyren i forkant av krengeprøva saman med den kvalifiserte personen som skal overvære krengeprøva på vegner av godkjent føretak. 

 

  1. Gå gjennom framgangsmåte og krav til dokumentering av krengeprøva med den kvalifiserte personen via Skype/e-post/telefon for å avklare eventuelle spørsmål som måtte dukke opp.

 

  1. Godkjent føretak skal så langt det er mogleg ved hjelp av bilde og video verifisere at krengeprøva blir utført i samhøve med prosedyren.

 

  1. Før krengeprøven blir avslutta skal plott og bilete/video av djupgangsavlesingar/fribordsmålingar sendes inn til godkjent føretak som gjer ei vurdering av om resultata kan nyttast til berekning av lettskipsdata eller om noko må gjerast på nytt.

 

  1. Etter utført krengeprøve skal krengeprøverapport m/bilete/video sendast inn til godkjent føretak.

 

  1. Godkjent føretak går gjennom krengeprøverapporten på vanleg måte og slår fast fartøyets lettskipsdata.

 

Sertifisering av samfiskefartøy

Sjøfartsdirektoratet har fått spørsmål om det vil bli opna for å ta omsyn til at somme samfiskefartøy ikkje er meinte å bli sette i fart etter at kontrollen er gjennomført. Det vil ikkje bli gitt slik opning, og samfiskefartøy skal vurderast på lik line med alle andre fartøy etter retningslinene som er skildra over.

 

Måling av fartøy for stadfesting av lengde i samband med registrering

Måling av største lengde i samband med registrering av fartøy skal stadfestast av godkjent føretak. Reiaren skal sende inn dokumentasjon på dette ved registrering i Skipsregistera og Fiskeridirektoratets fartøyregister. Måling av største lengde kan gjerast på grunnlag av teikningsdokumentasjon i kombinasjon med bilete i perioden fram til 12. juni 2020.