– Me ser at det gir særs mange positive effektar når offentlege etatar kan samarbeida på denne måten. Det bidrar til både auka kompetanse for dei ulike etatane sine regelverk, betre tilsyn og samstundes vere meir synlege ut mot næringa, seier fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad. 

 –  Petroleumstilsynet og Sjøfartsdirektoratet har lang tradisjon for samarbeid om tilsyn med flyttbare innretningar på norsk sokkel. Sjøfartsdirektoratet si maritimfaglege kompetanse er verdifull, og vi er svært glade for å kunna utvida omfanget av samarbeidet, seier Irja Viste-Ollestad, som er tilsynsleiar for flyttbare innretningar i Petroleumstilsynet.  

 

Vil gi auka tryggleik

Fram til 2020 har Sjøfartsdirektoratet ytt bistand til Petroleumstilsynet i samband når utanlandsflagga flyttbare riggar har kome til Noreg, og i den samanheng søkt om nødvendig samsvarsfråsegn (SUT). Sjøfartsdirektoratet har  bistått med maritimfagleg kompetanse, i samband med at fleire av dei tekniske krava kjem frå direktoratets regelverk. 

Fagavdelinga for flyttbare einingar i Sjøfartsdirektoratet, som har jobba tettast på Petroleumstilsynet, er nøgde med at ein no aukar omfanget av eit allereie godt samarbeid med ein viktig etat, og er trygge på at dette vil gi auka tryggleik. 

– Me har allereie vore med på sju tilsyn saman med Petroleumstilsynet i år, og erfaringane er særs positive. No deler me erfaringar på ein enda betre måte, noko som er bra både for vår forståing for kvarandre regelverk, men også for å få enda meir tryggleik ut av det tilsynsarbeidet som begge etatane jobbar med, seier underdirektør Leiv Andreas Austreid i Sjøfartsdirektoratet. 

 

Sju tilsyn så langt

Dei riggane som ein har fått gjennomført tilsyn på i 2020 er Rowan Norway, Maersk Inspirer, Transocean Arctic, COSL Promoter, Deepsea Yantai,  West Hercules og West Phoenix. Nokre av desse tilsyna vart gjennomført som fjerntilsyn grunna utfordringar knytta til Covid-19 situasjonen. 

– I tillegg til meir samarbeid om tilsyn har direktoratet og styrka samarbeidet på det elektrofaglege området. Ettersom større batteri-installasjonar har blitt meir vanlig på flyttbare innretningar, der fleire etatar har eimyndigheitsansvar, haein sett behovet for å være betre koordinerte (Sjøfartsdirektoratet, Petroleumstilsynet, Direktoratet for samfunnstryggleik- og beredskap). I den koordineringa ligg det og auka grunnlag for å legge til rette for felles tilsyn der det er nødvendig, noko som er betre og meir effektivt både for etatane og dei sin skal føra tilsyn med, påpeikar Austreid.