Så langt har 260 personar meld seg på den årvisse konferansen, som går av stabelen på Scandic Maritim i Haugesund kommande onsdag og torsdag. I tillegg har ein invitert ei gruppe studentar frå maritime utdanningsløp ved Høgskulen på Vestlandet, og frå diverse fagskular.

I fjor gjorde covid-restriksjonar at den tradisjonsrike konferansen blei arrangert digitalt.

– Det er kjekt at me i år har rekordmange påmelde! Det viser at den maritime næringa har behov for å treffast, seier fungerande sjøfartsdirektør, Lars Alvestad.

Få ledige plassar

– Me har fått på plass eit variert og spennande program. Foredrag om dataangrepet på Hurtigruten, batteribrannen på MF Ytterøyningen og bygginga av verdas første hydrogendrivne lasteskip er blant trekkplastera på konferansen, fortel Kristin Davidsen, som saman med Hedda Grip Vikse har hovedansvaret for konferansen. 

– Det er framleis nokre få ledige plassar att, men då bør ein skunda seg, legg Grip Vikse til.

Sjøsikkerhetskonferansen er ein viktig møtestad for reiarlag, offentlege aktørar og maritime kompetansemiljø i Noreg, og har som mål å bidra til betre tryggleik gjennom dialog, erfaringsutveksling og læring. Under konferansen blir også Sjøfartsdirektoratets fokusområde for 2022 presentert.  

Heile programmet og meir informasjon finn du her.