Dei 67 meter lange sjødronenevil erstatta 150 daglege trailerturar, og vil bli utstyrte med  batteripakkar på 1.846 kWh. Det er nok til fire timar segling i åtte knop. Dei vil bruka i underkant av ein time over fjorden og lada medan det lossast og lastast i Horten og Moss. Bakgrunnen for prosjektet er at ASKO (Norgesgruppen), som er landets største grossist, opprettar eit nytt lager på Sande, som ligg på motsett side av fjorden for eksisterande lager på Vestby.  

ASKO aleine vil ha 150 daglege trailerkrysningar på strekninga, og vil bygga opp ei heilelektrisk logistikk-kjede på strekninga. Planen inneber el-lastebiler som fraktar varene frå lageret til dei heilelektriske sjødronene som skal ta dei over fjorden, medan elektriske terminaltraktorar tar seg av lastinga. På sikt skal både terminaltraktorane og sjødronene bli autonome. Det blir også naudsynt med hamneutbygging på begge sider av fjorden. 

Framtidsretta prosjekt

— Dette er eit svært spennande prosjekt, seier Svein David Medhaug i Sjøfartsdirektoratet, som nyleg deltok på oppstartsmøte for prosjektet. Prosjektet representerer det me omtalar som eit heilskapeleg, grønt og framtidsretta initiativ. Ei gjennomført bærekraftig tilnærming, der optimalisering, effektivisering og det grøne skiftet er drivarar. Det er ikkje berre autonomipakken rundt fartøya som gjeld, men heile infrastrukturen, legg han til. 

— Skroga  til dei to RO-RO-fartøya, skal byggast ved Cochin-verftet i India. Etterpå skal dei fraktast til Noreg, kor Kongsberg Maritime skal stå for utrusting og testing, før fartøya skal settast i drift. Autonomipakken vil krevja ein omfattande testperiodeder fartøya først vil segla med folk om bord. Fartøya skal opererast av Massterly med mannskap og frå kontrollsenter. Når autonomipakken tilfredsstiller eit likeverdig tryggleiksnivå til konvensjonelle fartøy, vil ein kunna utfasa mannskapet om bord, legg Medhaug til. 

Levering til Noreg etter 17 månader

— Etter ein anbodsrunde, der også norske verft var involverte, landa me på Indiske Cochin, som kom klart best ut. Det blir spennande å bygga skip i India i denne perioden når me ikkje kan besøka verftet like ofte som me ønsker, seier Kai Just Olsen. Han er dagleg leiar i nyoppretta Asko Maritime, som har mål om å vera ein leiande aktør innan utvikling og tilbod av nullutsleppsløysingar for sjøtransport 

 «Sjødronene» vil nytta om lag 50 minuttar på overfarten og ha ei liggetid på 65 minuttar til lading, lossing og lasting på kvar side. Stipulert byggetid er prosjektert til 17 månader, og skroga skal etter planen leverast frå verftet i India ved årsskiftet 2021/2022.