– Eg synest det er kjempebra at ein endeleg kan søka D6-sertifikat, og eg fekk bruk for det allereie første turen etter at eg fekk det utstedt, fortel Kristoffer Hansen. Han jobbar på 24-metringen MS Helnessund for Folden Akva AS, som leverer servicetenester til oppdrettarar i heile Nord-Noreg. Med D6-sertifikatet i boks, kan Hansen gå inn som styrmann under operasjonar som krever ekstra styrmannskapasitet om bord. Han hadde avlagt D5-eksamen frå før, og hadde også den naudsynte arbeidserfaringa til å få innvilga D6.

– Eg har jobba med oppdrett og båt heilt sidan ungdommen, og eg synest det er kjempebra med kvalifikasjonskrava som kjem no, seier Hansen, som vedgår at han har venta på mulegheiten til å få D6-sertifikatet på cv’en.

Mange ulykker

Det har skjedd mange ulykker med mindre lasteskip i seinare år, og for å auka tryggleiken er det no krav om at dekksoffiserar på dei fleste lasteskip med største lengde 8 meter eller meir skal ha det nye sertifikatet, eller eventuelt eit høgare kompetansesertifikat, for dekksoffiser. Kravet blir gjeldande frå 1. januar 2024 , men det er lagt til rette for smidige overgangsordningar som gjeld fram til 31.12.2023, der ein kan løysa ut D6 basert på mellom anna eit fritidsskippersertifikat eller fiskeskippersertifikat klasse C.

I denne perioden kan ein også løysa ut sertifikat “D6 begrensa” basert på mellom anna minimum fem års relevant arbeidserfaring på skip.

– Me er svært nøgde med å få desse krava på plass. Dette er ei fartøysgruppe som er i kraftig vekst, og som dessverre har opplevd fleire alvorlege ulykker. Me håpar og trur at dei nye krava på sikt vil auka tryggleiken for dei tilsette på desse fartøya, seier fungerande sjøfartsdirektør, Lars Alvestad.

Krevjande prosess

Det heile starta tilbake i 2012, då arbeidsbåten Maria kantra og sank i Store Kufjord i Finnmark. Ei 42 år gammal kvinne og barnet hennar på eitt år mista livet i ulykka. I Havarikommisjonen sin rapport etter ulykka, blei Sjøfartsdirektoratet tilråda å iverksetta tiltak som sikrar at besetninga på arbeidsbåtar under 15 meter har tilfredsstillende kompetanse til operasjonane om bord.

Det første forsaget til nye kompetansekrav blei sendt ut på høyring i 2017, før eit revidert utkast blei sendt ut i 2018. Begge blei møtt med omfattande høyringsinnspel, til trass for at store delar av næringa har ønskt nye sertifikatkrav velkomen. Innvendingane kom i hovudsak frå enkelte frivillege organisasjonar, offentlege verksemder og aktørar som deltek i redningsberedskapen til sjøs. Utfordringane deira var verierte og samansette, men problemstillingar som gjekk igjen var at fartøya sjeldan er i drift eller at dei nyttar ei stor gruppe førar på fartøya sine.

Starta på nytt

I 2019 blei det sett ned ei ny arbeidsgruppe i direktoratet, som skulle begynna arbeidet med heilt blanke ark. Resultatet blei sendt ut på høyring i februar 2020.

– Dette er ei svært samansett fartøysgruppe, som omfattar alt frå typiske arbeidsbåtar for havbruksnæringa, til politibåtar eller redningsskøyter, og me har forsøkt å tilpassa oss næringa så godt det let seg gjera, seier senioringeniør Oddbjørn Bugge Olsen. Denne gongen mottok direktoratet langt færre høyringssvar, og dei nye reglane trådte i kraft 1. juli i år.

– Tilbakemeldingane frå næringa har vore positive og dei fleste er glade for at dette no er på plass. Interessa for overgangsordningane er stor, fortel Bugge Olsen.

 

Fakta:

  • Grensa for sertifikatkrav for dekksoffiserar på lasteskip er no flytta frå 15 meter ned til største lengde åtte meter eller meir.
  • Dette medfører innføringa av nytt kompetansesertifikat dekksoffiser klasse 6 (D6). Frå 1. januar 2024 skal dekksoffiserer på lasteskip med største lengde 8 meter eller meir ha det nye sertifikatet, eller eit høgare kompetansesertifikat, for dekksoffiserar.
  • Det er også innført tilleggskrav for skipsførar på lasteskip med lengde under 24 meter i fartsområde liten kystfart som deltar i ankerhandtering og slep, eller utfører løfteoperasjoner. Dette tilleggskravet skal og vera oppfylt frå 1. januar 2024.
  • Det er i tillegg fastsatt nokre mindre endringar i eksisterande bestemmelsar i kvalifikasjonsforskrifta. Dette gjeld mellom anna krav til assessor, fornying av sertifikat, radiosertifikat og sikkerhetsopplæring for enkelte grupper sjøfolk. Meir informasjon om kvalifikasjonskrav finn ein her.