I tre månader skal inspektørar frå Sjøfartsdirektoratet ha med seg ei kampanjesjekkliste om losbordingarrangement når dei utfører hamnestatskontrollar og umelde tilsyn. Her vil dei mellom anna sjekka om losleideren er sertifisert, om det finst system for vedlikehald, og om mannskapet har tilstrekkeleg kjennskap til korleis utstyret skal brukast.

– I kampanjeperioden reknar me med å utføra hamnestatskontrollar på 150 til 160 fartøy og kanskje 10 til 20 umelde tilsyn, opplyser Bjørn Ove Hansen i Sjøfartsdirektoratet. Kampanjen skjer i samarbeid med Kystverket, som har ansvaret for lostenesta her til lands.

 

– Det er så absolutt behov for ein slik kampanje. Dårlege losleiderarrangement er ei kjent problemstilling både i Noreg og i resten av verda, så me er veldig glade for at det blir sett fokus på dette, seier Johannes Sivertsen, som er formann i Norsk Losforbund.

 

Alvorlege ulykker

Farepotensialet ved dårlege losleiderarrangement er stort, og seinast i desember i fjor blei det rapportert om ein los som mista livet då han skulle borda eit skip utanfor New York.  

– Det er heller ikkje lenge sidan me hadde ein episode i Noreg der det berre var flaks at det gjekk bra. Losen testa leideren med eine foten før han gjekk ned. Då rauk leideren, fortel Sivertsen. Han seier at det er stor variasjon i standarden på slike arrangement, også på norske fartøy.  

– Utfordringa er at losen ofte ikkje får sett korleis leideren er festa før han kjem opp. Dessutan er det ofte mørkt når ein går om bord, og då ser ein ingenting, påpeiker Sivertsen. Han opplyser at losleiderar skal strekktestast eller skiftast ut etter 30 månaders bruk, og at det også er viktig at utstyret blir lagra på korrekt måte.