Inviterte fiskerinæringa til møte om nytt regelverk

  • Publisert: 09.01.2018 av: Kari Stautland

16. november i fjor trådde ILO-konvensjon nr. 188, som omhandlar arbeidsvilkår i fiskerisektoren, i kraft. Måndag denne veka inviterte Sjøfartsdirektoratet fiskerinæringa til eit møte der utfordringar rundt gjennomføringa av det nye regelverket var hovudtema.

The photo shows a group of adults sat in a meeting room.
Måndag 8. januar var representantar frå fiskerinæringa inviterte til å diskutera ILO 188 saman med Sjøfartsdirektoratet.
FOTO: Torbein Kvil Gamst/sjøfartsdirektoratet

Sjølv om det norske regelverket i stor grad var i tråd med ILO 188, vart det gjort enkelte endringar då konvensjonen trådde i kraft. Sjølv om det ikkje vart gjort endringar i reglane for arbeids- og kviletid, har desse kome i fokus, noko som skapte reaksjonar i fiskerinæringa.

Som eit resultat av måndagens møte, vart det sett ned ei arbeidsgruppe frå partane i næringa som skal sjå på praktisk gjennomføring av arbeids- og kviletidsreglane i dei ulike fiskerigruppene, og korleis dokumentasjonskravet skal oppfyllast.

Vidare vart det på møtet informert om kravet om bemanningsoppgåve og sertifikat for arbeids- og levevilkår for fiskefartøy, kravet om føring av mannskapsliste og reglane knytt til lærlingar/ungdom på fiskefartøy.

- Tilbakemeldinga frå deltakarane var at dei sette pris på at vi inviterte til eit slikt møte i samband med gjennomføringa av konvensjonen, og dei sette pris på å få gje uttrykk for dei utfordringane dei ser med regelverket, seier underdirektør Yngve Folven Bergesen som leia møtet på vegne av Sjøfartsdirektoratet.

Utanom ILO 188 vart det informert om den endra sertifikatstrukturen for føring av fiskefartøy, Sjøfartsdirektoratet sitt fokusområde for 2018, erfaringane som er gjort med ISM på fiskefartøy, og om Ballastvatnkonvensjonen, som vart innført i september 2017.

Til toppen