1. premie: Kajakkpadlaren

Årest vinnarbilete er ein soleklar favoritt hos juryen. Eit skikkeleg blinkskot!

Bilete, tatt av Berit Wathne Fredriksen, viser eit augneblink mange av oss kjenner oss igjen i. Vil dette gå bra, eller blir det ein kald dupp i sjøen? Juryen likte at bilete illustrerer at alt ikkje alltid går som planlagt når ein er ute i båt, sjølv om både veret er fint, ein er nært land og utstyret er på plass. Det er flott å sjå at vesten er på.

– Me lo godt av uttrykket til mannen min her! Eg har nok vore i denne situasjonen sjølv, men sidan det som oftast er eg som tek bileta i familien så er det heldigvis ikkje dokumentert, seier Berit Wathne Fredriksen.

Ho kan elles informera om at han klarte å unngå det våte element denne gongen.

Berit Wathne Fredriksen får tilsendt eit gåvekort på 5 000 kroner og ein flytevest. Gratulerer!

gullfisk.jpg

2. premie: Gullfisken

Silje Mathisen sendte oss dette stemningsfulle bilete frå ein fisketur ein stille sommarkveld. Juryen likte kontrasten mellom den blå himmelen og det oransje havet, smilet på fiskaren og korleis lyset bryt gjennom finnane på fisken. Det ser ut til å vere ein minnerik fisketur.

– Det var artig at det var dette bilete av far min som vant, seier Silje Mathisen.

Biletet er tatt ved det vakre fiskeværet Sommarøya utanfor Tromsø. 

– Far min, Steinar Mathisen, er pensjonert fiskar og ein aktiv fritidsfiskar i sommarhalvåret. Me er ofte på båttur i lag. Det er ein favorittsyssel her på Sommarøya, legg ho til.

Til vanlig jobbar Mathisen som radiograf på sjukehuset i Tromsø. På veggane der heng bilete som Mathisen har teke. 

– Det er flott å vise fram fargar og natur i kontrast til alle svart/kvit-bileta på avdelinga, seier ho.

Silje Mathisen får tilsendt eit gåvekort på 2 000 kroner og ein flytevest.

hinderløype.jpg

3. premie: Sommar i hamn

Dette bildet til Gunnar André Gauthun oser av sommar og gode minner frå båtlivet i hamn. Juryen fall for dette bilete som viser ein nydeleg sommardag, flotte båtar på rad og rekke og ei spanande og artig aktivitet. Kjem ho til å klare hinderløypa?

Bilete er teke i Vatlandsvåg i Suldal, seier Gunnar Andre Gauthun.

– Me har hytte i nærleiken av hamna. Denne dagen var det satt i stand ei farmen-inspirert hinderløype. Veldig kjekt, seier Gauthun, som får tilsendt ein flytevest for bilete sitt.

Heiderleg omtale

Sjøfartsdirektoratet deler i tillegg ut premiar til bilete som fortener heiderleg omtale. Sju fotografar får tilsendt kvar sin «Ekte kapteiner drikker kaffe»-kopp.

kaptein.jpg

EKTE KAPTEINER DRIKKER KAFFE: Juryen blei rett og slett varme om hjarterota av å sjå denne vaksne mannen med både vest og gode haldningar. Han bruker til og med dødmannsknapp. Det ser ut til at han har ein fin dag på sjøen.

Jon-Lasse Fjeld får tilsendt ein «ekte kapteiner drikker kaffe»- kopp. Kanskje han kan dele den med ein god venn om han allereie har ein kopp?

fisker.jpg

FISKESJARM: Denne guten ser ekstremt fornøgd ut med å få vere ute på båttur. Juryen la merke til Kaptein Sabeltann-vesten. Med denne helten er det nok ikkje tvil om at det blir fangst.

sjøstjerne.jpg

SJØSTJERNA:  Det er utruleg kva som finst i havet. Juryen er einige om at ingen av dei hadde turt å plassere ei sjøstjerne av denne storleiken på hovudet. Imponerande! Juryen like komposisjonen og det alvorlege uttrykket. Foto: Gunnar André Gauthun

fyrlykt.jpg

FYRLYKTA: Juryen likte godt stemninga i dette bilete til Silje Mathisen. Fyrlykta står klar til å vises vegen i mørkret, og ein kan nesten kjenna lukta av markblomane i forkant av fyret. Bilete yrar av fugleliv, og får juryen til å tenkje på kvifor det er så fint med Båtliv, nemleg å få flotte naturopplevingar i mektig natur.