Når ein ser den store auken i både nyregistreringar, og auken i pantsette verdiar, er det ingen tvil om at 2020 har vore eit godt år for fritidsbåtmarknaden, seier Elisabeth Lingaas, som er avdelingsdirektør for Sjøfartsdirektorat si eining Skipsregistrene. 

Ser ein på perioden januar til august i 2020, samanlikna med same periode i 2019, er det ein auke på 17,5 prosent i talet på nye fritidsbåtar i Norsk ordinært register (NOR). Dette utgjer 255 fartøy i 2020, mot 217 i 2019. Ser ein på eigarskifte totalt sett for NOR, ikkje berre nye fartøy inn, så er auken på heile 42,5. Ein stor del av eigarskifta dreier seg om fritidsfartøy, men her har ein og enkelte segment av yrkesfartøy. 

Godt nytt for bransjen

Den auka interessa for fritidsbåtar er godt nytt for bransjen, som i fleire år har merka konkurranse frå mellom anna utanlandsreiser og bubilferiar. I byrjinga av pandemien var det og stor uro i fritidsbåtmarknaden, men dette endra seg når ein såg at ferieplanane for 2020 måtte leggast om. 

 Etter nokre veker innsåg nordmenn at det blei noregsferie i år, og frå påska tok båtsalet seg opp att og det har vore veldig godt sal gjennom heile sommaren. Særleg båtar i segmentet 4 – 9 meter og opp til 1,5 millionar kroner har vore i vinden. Fleire båtforhandlarar rapporterer om ein salsauke på 20 til 30 prosent, og nokre forhandlarar seier dei kunne selt meir om det var båtar å framskaffa frå produsentane, seier Leif Bergaas som er dagleg leiar i bransjeorganisasjonen NORBOAT. 

Dei gode salstala har og gitt ein auke i sal hjå marinaer og forhandlarar av båtutstyr, i fylgje Bergaas. 

Populær hobby

Noreg er ein stor nasjon med tanke på fritidsbåtar, og ser ein på dei tala ein har tilgjengeleger talet på fritidsbåtar i Noreg nå opp mot ein million. Forutan ferie og fritid er det mange som nyttar båtane til fiske og aktivt friluftsliv. 

 Me har svært mange kundar som ynskjer seg praktiske båtar som både kan brukast på små turar, men som og er eigna til fiske og fangst. Ein typisk kunde er ofte i alderen 40 til 60 år og har ofte litt erfaring med båt frå før. Dei som ikkje har oppspara midlar brukar gjerne NOR-registeret når ein eksempelvis ikkje ynskjer å utvida huslånet for å finansiera båten, men den største delen av dei som me bistår med registrering NOR er nok dei som og brukar båten i arbeidssamanheng, seier Jarle Vikingstad, som er dagleg leiar i Smart Marine AS på Karmøy. 

For dei som vil nytta NOR som register for fritidsfartøy vil det komma ei ny digital løysing for registrering neste år, som vil gjera det enklare å gjennomføra registreringsprosessen. Dette vil det komma meir informasjon om når ordninga er klar for kundane. 

 

Fakta NOR: 

  • Båtar mellom 7 og 15 meter kan frivillig registreras i NOR 
  • Registrering i NOR gir auka tryggleik ved kjøp og sal 
  • Enklare finansiering ved at ein kan ta pant i båten
  • Les meir om registrering av frtidsbåt i NOR her