Link til Navigare

Då den internasjonale STCW-konvensjonen blei endra i 2010, kom det nye kompetansekrav til sjøfolka. Som følgje av dette må alle personsertifikata vera oppdaterte innan 1. januar 2017, og Yngve Folven Bergesen, som er leiar av avdeling for utdanning, sertifisering og bemanning i direktoratet, fryktar at det vil oppstå kø i slutten av 2016.

– Me oppmodar alle om å vera tidleg ute. Opphoping av søknadar kan bli eit stort problem for alle partar,  seier Folven Bergesen. Regjeringa har i sitt forslag til statsbudsjett for 2016 sett av ti millionar kroner til arbeidet med personellsertifikat.  Pengane vil gå til å auka talet på sakshandsamarar i takt med den forventa auken i søknada.

– Desse midlane som er øyremerka sertifikatsøknader vil i all hovudsak gå til å auka bemanninga her hos oss, seier Folven Bergesen, som ikkje legg skjul på at pengane vil komma vel med.

FORVENTAR SØKNADSRUSH

Etter Sjøfartsdirektoratet sine utrekningar vil det etter normal rytme komma inn 3000- 4000 søknadar per kvartal, men på grunn av endringane i kompetansekrava tilseier utrekningane at det kan komma inn mellom 20.000  - 30.000 søknadar i siste kvartal av 2016.

– Per i dag er det ingenting som tilseier at ikkje desse utrekningane vil stemma. Me ser at nokre reiarlag har vore flinke til å følja oppmodinga om å vera tidleg ute, men mange let venta på seg, seier Bergesen.

Yngve Folven BergesenFør du får fornya sertifikatet for maskinoffiser eller dekksoffiser er det visse krav i STCW-78-konvensjonen som må vera oppfylt. Ein må mellom anna dokumentera at en har kompetanse i leiing av ressursar på brua og leiing av ressursar i maskinrommet, vanlegvis omtalt som BRM- og ERM (Bridge Resource Management og Engine Room Resource Management).

Dette kan gjerast gjennom eit kurs, eller kan alternativt dokumenterast gjennom ein utsjekk av ein assessor (sensor), dersom  sjømannen har relevant erfaring frå teneste. I tillegg blir det kravd oppdateringskurs i tryggleiksopplæring kvart femte år. Dei nye, såkalla kompetansesertifikata blir utstedt i bankkortformat, og erstattar dei tidlegare blå sertifikata i A5-format.

Du kan lesa meir om seritifikatsaka, og om travle tider hos senter som tilbyr STCW-kurs, i siste utgåve av fagbladet Navigare.