Alle dei omkomne var menn, og snittalderen var på 54 år. Den yngste som omkom var 17 år, medan den eldste var 75 år.

Rekordhøg aktivitet på sjøen og lange periodar med fint vêr i store deler av landet, kan ha ført til at ulukkestalet er høgare i år enn i fjor.

Bruk vest og vasstett kommunikasjonsutstyr

Det er tragisk at så mange liv har gått tapt i det som skal vere ein hyggeleg fritidsaktivitet. Fleire av ulykkene kunne ha enda godt dersom dei forulykka hadde teke enkle forholdsreglar, som å bruke vest og ha med seg vasstett kommunikasjonsutstyr til å varsle ved naud, seier fungerande sjøfartsdirektør, Lars Alvestad.

Sju av dei elleve omkomne i sommarmånadane brukte ikkje flyteustyr.

Me kan ikkje få sagt ofte nok at det er ekstremt viktig å hugse å bruke flyteutstyr når ein er ute i båt. Målet må vere at det blir like naturleg å ta på seg vesten som det er å feste setebeltet i bil, seier Alvestad.

Mange av ulykkene liknar på ulykker Sjøfartsdirektoratet har registrert tidlegare år. Alle dei omkomne i sommar mista livet etter å ha hamna i sjø eller vatn.

Tre personar mista livet etter at dei kantra med kano. Dei nytta ikkje vest, eller så var vesten ikkje festa skikkeleg. To av kanoane velta i eit elvestryk.

Tre andre omkom etter å ha falt over bord når dei var ute og fiska aleine. I det eine tilfellet mangla mannen vest, og i eit anna tilfelle var det dårleg vêr då han drog ut.

I ei av ulykkene fortsatte båten etter at mannen fall. Bruk av daudmannsknapp kunne ha stoppa båten, og han kunne ha berga seg oppi igjen ved bruk av ein fastmontert leider.

Det er tidleg å anslå ruspåverking, då me framleis ventar på svar frå obduksjonsrapportane, men minst fire av dei elleve omkomne var påverka av alkohol eller rus.

Tre er framleis sakna

I tre tilfelle vil det vera ukjent om dei var påverka eller ikkje, då dei framleis er sakna. Minst ei ulykke skjedde ved at ein person falt over bord  i mørket på veg heim frå fest.

Det er ikkje registrert kollisjonar eller grunnstøytingsulykker med omkome til no i år, men Sjøfartsdirektoratet har merka seg fleire ulukker i sommar der høg fart kombinert med promille og mørkekøyring, kunne ha enda fatalt.

Vi går nå mot ei tid med mørkare kveldar. Vêret er framleis varmt og fint fleire stader og båtsesongen er ikkje over for alle. Sjølv mindre mengder alkohol svekkar sansane. Avtal at ein person held seg edru for å køyre båten heim frå fest, senk farten i halvmørket og hugs å ha riktige lanterner på båten, seier Alvestad.