Grunna endring i regjeringa, og statsrådbyte, vert det avdelingsdirektør Jarle Øversveen i Hovudredningssentralen Sør-Noreg som fekk presentere prisvinnaren. 

- Eg vil seie at det er ein vinnar som er særs godt kvalifisert. Stundom tenkjer ein kanskje at dei vert tatt for gitt. Det er alltid farleg å halde ein innsats opp mot andre, men dette er ein redningsressurs som utgjer ein forskjell når det verkeleg trengs, sa Øversveen rett før han røpte kven som skulle få prisen. 

For mange vart 330 skvadronen sin redningskompetanse og innsats synleg i samband med hendinga med Viking Sky i mars 2019. Under krevjande forhold starta dei evakuering av passasjerar frå cruiseskipet, ei evakuering som vart gjennomførd utan skader på passasjerar eller redningspersonell. 

- Etter hendinga gjekk Sjøfartsdirektoratet ut og rosa innsatsen som samla vart gjort i samband med Viking Sky-hendinga. Sjølv om det då vart fleire som jobba saman, både om bord på skipet, i lufta og på land, så stiller me oss bak vurderinga av at 330 skvadronen er ein særs viktig aktør når noko går gale på havet, seier fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad. 

- Me er audmjuke i forhold til den tillit dei på sjøen har til oss i skvadronen. No går me og inn i ei ny tid når den fyrste gamle seaking er bytta ut med dei nye redningshelikopra som kjem dei kommande åra. På vegne av skvadronen takkar eg for prisen og at arbeidet vårt vert sett pris på, sa avdelingssjef og redningsmann Ingve Horgen, etter å ha tatt imot æresprisen.