Så langt i 2021 har Sjøfartsdirektoratet registrert minst fem ulykker der ein har hoppa frå dekk og ned til kaien. I fleire av tilfella har dette resultert i ankelbrotskade på hel, eller andre beinbrot. I alle tilfella blei den forulykka sjukemeld og sendt heim.

Ofte ser avstanden ned til kai mindre ut enn det den faktisk er. Ein må også hugse på at det kan vere rørsle i fartøyet, sjølv om det ligg ved kai. I tillegg til harde landingar på kai, som kan føre til brot og andre skadar, er det og hendingar med skadar der vedkommande hamnar i sjøen mellom kai og skuteside. Dette kan i verste fall føre til drukning. 

Glatte kaiar

Mange av hendingane skjer i samband med fortøying av fartøyet, der ein berre skal skunde seg i full fart, og ikkje tar seg tid til å legge ut leider eller landgang når ein skal ned på kaien og ta imot fortøying. 

Når det er kaldt om vinteren, kan det og vere is på kaien, og med litt snø oppå, ser ein ikkje alltid at det kan vere glatt. Det er ikkje alltid strødd på kaier om vinteren, og veret kan ofte skifte langs kysten. 

Farlege snarvegar

Ved mindre mannskapsskifte vil det nokre gonger kunne sjå ut som ei grei og rask løysing å berre halde fartøyet mot kai ved hjelp av thrusterane, slik at mannskapet kan hoppe i land, eller mønstre på i full fart utan leider/landgang. Dette kan ein lett tenke seg vil kunne gå galt. 

På mindre snøgg- og passasjerbåtar er det svært viktig at absolutt alle stig av og på ved hjelp av landgang, sjølv når det berre er snakk om ein person Det må ikkje på noko vis leggast til rette for meir lettvinte løysingar enn leider eller landgang, sjølv om det kan spare ein for tid. 

Ved levering og mottak av mindre gods, som kan ordnast for hand, skal i land- og ombordstigninga skje på same forsvarlege vis som om det var passasjerar. 

Flo og fjære

Ved store forskjellar ved flo og fjære, ser vi at det nokre gonger blir brukt provisoriske løysingar for å forsere avstanden fra dekk til kai. Det er viktig at også ekstreme forskjellar ved flo og fjære blir teke høyde for, med omsyn til adkomst til fartøy. Ein kan til dømes velge å nytte andre meir tilpassa kaiar viss sjøen er mykje høgare eller mykje lågare enn det som er tilpassa fartøyet ved den «vanlege» kaien. 

 

 

Referansar til regelverk: 

Forskrift om sikkerhetstiltak m.m. på passasjer-, lasteskip og lektere - Lovdata 

  • 9.Landganger, fallrep, personheisanlegg m.m.

(1) Alle skip skal ha om bord tilfredsstillende atkomstmiddel slik at i land- og ombordstigning kan foregå uten fare. 

 

Forskrift om konstruksjon, utstyr og drift av fiskefartøy med lengde 15 meter eller mer - Kapittel 6. Beskyttelse av besetningen – Lovdata 

  • 6-7.Landganger, fallrep, personheisanlegg mv.