Kompetansesertifikatet D6 blei innført gjennom endringar i forskrift 22. desember 2011 nr. 1523 om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk (heretter kvalifikasjonsforskrifta), med verknad frå 1. juli 2020.

Sidan forskriftsendringa har Sjøfartsdirektoratet fått spørsmål om ein innehavar av D6 oppfyller krava til utdanning og fartstid for å få skrive ut D5L. Svaret på dette spørsmålet vil variera etter kva førarrettar ein har fått ført på sertifikatet, og kvalifikasjonane ein har søkt D6 på grunnlag av.

Har ein fått skrive ut D6 med førarrettar under 24 meter, oppfyller ein krava til utdanning og fartstid for D5L.

Har ein fått skrive ut D6 med førarrettar under 15 meter, kan ein oppfylla krava til utdanning og fartstid for D5L. Om eit av eller begge krava er oppfylte, er avhengig av dei bestemte kvalifikasjonane som låg til grunn for D6-søknaden.

Kravet til utdanning er oppfylt om søkaren har gjennomført og bestått eksamen for D6 og sikkerheitsopplæring etter STCW-konvensjonen.

Kravet til fartstid er oppfylt om søkaren har fartstid som oppfyller kravet om fartstid for D6. Alternativt er kravet oppfylt om søkaren har bestått praktisk prøve for D6 , og denne prøven er gjennomført på fartøy med lengde på minimum 13 meter. Denne grensa svarar til kravet som gjeld for praktisk utsjekk for D5L .

I det følgande blir det gjort nærmare greie for i kva tilfelle krava til utdanning og fartstid for D5L er oppfylte på grunnlag av dei tilsvarande kvalifikasjonane for D6. Praksisen som er klarlagd med dette rundskrivet vil også gjelde tilsvarande for kandidatar som har dei aktuelle kvalifikasjonane, men som ikkje har vore innehavarar av D6.

Utover krava til utdanning og fartstid som er omtala i dette rundskrivet, må søkaren oppfylla kravet om helseerklæring i kvalifikasjonsforskrifta § 29 (2) bokstav c for å få skrive ut D5L. Søkarar som ønsker fritidsskippersertifikat med utvida fartsområde (D5LA), må i tillegg gjennomføra og bestå tilleggskurs for utvida fartsområde, jf. § 29 (5).

2. Kravet til utdanning i kvalifikasjonsforskrifta § 29 (2) bokstav a

2.1 Alternativet «har vært innehaver av et dekksoffisersertifikat utstedt etter STCW-konvensjonen»

Kravet til utdanning i kvalifikasjonsforskrifta § 29 (2) bokstav a er oppfylt dersom søkaren «har vært innehaver av et dekksoffisersertifikat utstedt etter STCW-konvensjonen».

Sjøfartsdirektoratet reknar dette alternativet som oppfylt dersom søkaren har vore innehavar av D6 som er skrive ut på grunnlag av «bestått eksamen som dekker læreplanen for kompetansesertifikat for dekksoffiser klasse 6», jf. § 23a (3) bokstav a.

Vilkåret er derimot ikkje oppfylt dersom kandidaten har vore innehavar av D6 som er skrive ut med heimel i §23a (5), som stiller opp «minst fem års arbeidserfaring på skip med største lengde 8 meter eller mer i fartsområde liten kystfart opptjent etter 1. januar 2015» som eit alternativ til bestått eksamen for D6.

Denne praksisen avvik frå kva ordlyden i forskrifta tilseier, men Sjøfartsdirektoratet vurderer dette som eit naudsynt unntak. Då kvalifikasjonsforskrifta § 29 (2) bokstav a blei utforma, var det ut frå ein føresetnad om at alle sertifikat skrive ut etter STCW-konvensjonen inneheldt kvalifikasjonskrav og gav førarrettar som var like eller høgare samanlikna med D5L. Realkompetanse er grunnlaget for D6 som er skrive ut med heimel i §23a (5) og dette inneber at både kvalifikasjonskrava og førarrettane er lågare samanlikna med D5L.

Sjøfartsdirektoratet legg vidare vekt på at heimelen i §23a (5) er ei tidsavgrensa overgangsordning, som er grunngitt ut frå næringa og arbeidstakarane sine behov ved innføringa av nye sertifikatkrav. Ordninga skal gi fleksibilitet for erfarne arbeidstakarar som kan ha vanskeleg for, eller låg motivasjon til, å gjennomføra eksamen til D6. Det ville vera ein utilsikta konsekvens om denne overgangsordninga i praksis blei utvida til å femna om D5L. D5L er eit etablert sertifikat, der behovet for ei overgangsordning ikkje gjer seg gjeldande.

2.2 «Bestått eksamen som dekker læreplanen for kompetansesertifikat for dekksoffiser klasse 6» og «minst godkjent sikkerhetsopplæringskurs for sjøfolk på mindre skip» som utdanningsalternativ for D5L

Det følger vidare av kvalifikasjonsforskrifta § 29 (2) bokstav a at kravet til utdanning er oppfylt dersom søkaren har «bestått eksamen som dekker vedlegg III tabell A-II/3» eller har bestått «fritidsskippereksamen avlagt hos kursarrangør godkjent av Sjøfartsdirektoratet».

Tilsvarande reknar Sjøfartsdirektoratet kravet til utdanning for å vera oppfylt når søkaren har gjennomført og bestått utdanning til D6, det vil seia:

  • «bestått eksamen som dekker læreplanen for kompetansesertifikat for dekksoffiser klasse 6», jf. kvalifikasjonsforskrifta § 23a (3) bokstav a, og
  • «minst godkjent sikkerhetsopplæringskurs for sjøfolk på mindre skip», jf. § 23a (3) bokstav d

Sjøfartsdirektoratet vurderer dette som ein føremålstenleg og forsvarleg praksis, då læreplanen til D5L og læreplanen til D6 langt på veg svarar til kvarandre innhaldsmessig.

Vilkåret om «minst godkjent sikkerhetsopplæringskurs for sjøfolk på mindre skip» i § 23a (3) bokstav d inneber at søkaren må dokumentera avgrensa, grunnleggande eller vidaregåande sikkerheitsopplæring etter STCW, eller grunnleggande sikkerheitsopplæring for fiskarar etter STCW-F. Som eit alternativ til sikkerheitsopplæring etter STCW-konvensjonen, kan søkaren dokumentera gjennomført og bestått delemne 5 om sikkerheit i læreplanen til D5L.

Søkarar som søker D5L på grunnlag av D6-eksamen må fremja søknaden innan 5 år frå vitnemålet blei skrive ut, i tråd med prinsippet i kvalifikasjonsforskrifta § 18 (2). Dersom sikkerheitsopplæringa er eldre enn 5 år, må søkaren dokumentera godkjent oppdateringskurs, jf. § 9 (3).

3. Kravet til fartstid i kvalifikasjonsforskrifta § 29 (2) bokstav b

3.1 «12 måneders fartstid på skip med største lengde 8 meter eller mer» som fartstidsalternativ for D5L

Kvalifikasjonsforskrifta § 29 (2) bokstav b stiller vilkår om fartstid for å få skrive ut D5L. For dei som ikkje har gjennomført praktisk prøve, er to alternativ nemnde i forskrifta: «minst 12 måneders fartstid som nevnt i § 24» eller «disponert og regelmessig brukt et fartøy med største lengde større enn åtte meter i minst tre år».

Sjøfartsdirektoratet reknar kravet om fartstid for å vera oppfylt tilsvarande dersom søkaren har «12 måneders fartstid på skip med største lengde 8 meter eller mer», slik det er kravt for D6 i § 23a (3) bokstav e romartal i.

Dette fartstidsalternativet går ikkje fram av ordlyden i forskrifta, men Sjøfartsdirektoratet vurderer det som ein føremålstenleg og forsvarleg praksis, som vil forenkla sakshandsaminga utan at det inneber ei svekking av kandidatane sine kvalifikasjonar.

Alternativet «12 måneders fartstid på skip med største lengde 8 meter eller mer» skil seg frå «minst 12 måneders fartstid som nevnt i § 24» ved at det ikkje er eit vilkår at fartstida må vera opptent på sjøgåande fartøy over 15 meter.

Alternativet skil seg frå «disponert og regelmessig brukt et fartøy med største lengde større enn åtte meter i minst tre år», ved at fartstida må utgjera 12 fartstidsmånadar slik det er definert i kvalifikasjonsforskrifta § 16, og vera opptent på fartøy i næring.

3.2 «Gjennomført praktisk prøve» for D6 som fartstidsalternativ for D5L

Dei som ikkje har godkjend fartstid, kan oppfylla vilkåret i § 29 (2) bokstav b ved «bestått praktisk utsjekk ved godkjent skole».

Sjøfartsdirektoratet reknar vilkåret for å vera oppfylt dersom søkaren har «gjennomført praktisk prøve» for D6, jf. § 23a (3) bokstav e romartal ii, føresett at denne prøven blei gjennomført på eit fartøy med lengde på minimum 13 meter.

Sjøfartsdirektoratet vurderer det som forsvarleg å godta praktisk prøve på D6 som alternativ til praktisk utsjekk for D5L, då den praktiske prøven til D6 innhaldsmessig er minst like omfattande.

Det er likevel stilt som vilkår at prøven må vera gjennomført på eit fartøy over 13 meter, for å sikra at prøven er i samsvar med kravet til praktisk utsjekk til D5L.

Vedlegg: