Sjøfartsdirektoratet ser at ein del mindre fartøy som grunnstøyter ikkje brukar papirkart, men navigerer i kartmaskiner som ikkje er rattmerka.

I 2014 og 2017 gjorde det svenske forsikringsselskapet Alandia testar av slike kartmaskiner.

Resultata viste blant anna feil i enkelte skaleringsnivå, at sjøkarta ikkje vert oppdaterte og direkte feil i sjøkarta. Kartmaskinene vart testa mot ei rattmerka kartmaskin (ECDIS) med kart godkjende av svenske sjøkartstyresmakter.

Krava i forskriftene kan summerast opp slik:

  1. Fartøyet skal ha oppdaterte papirkart som dekkjer området for den planlagde reisa,
    eller
  2. fartøyet skal vere utstyrt med rattmerka ECDIS med tilhøyrande ENC-ar for farvatnet som fartøyet seglar i, og
         a. fartøyet skal vere utstyrt med ei reserveløysing, som kan vere:
              i. ei ekstra ECDIS reserveløysing, inklusive ENC-ar, eller
              ii. oppdaterte papirkart

Alternativ for fiskefartøy med lengde (L) under 24 meter

Sjøfartsdirektoratet kan difor akseptere at ein på fiskefartøy med lengde (L) under 24 meter nyttar kartmaskiner som er typegodkjende av Teknisk Kontrollorgan etter vedlegg 1.

Kartmaskina skal vere kopla til skipets mottakar for globalt satellittposisjoneringssystem.
Dersom fiskefartøyet har krav til, eller har installert gyro, kursindikator (THD) eller logg som viser fart gjennom vatnet, skal desse vere rattmerka og kopla til kartmaskina.

Fiskefartøyet må ha ei reserve kartløysing som anten kan vere oppdaterte papirkart eller
rattmerka ECDIS eller ei ekstra kartmaskin i tråd med avsnittet over.

Rettsleg grunnlag

  • Forskrift 22. november 2013 nr. 1404 om fiskefartøy med største lengde under 15 meter § 85
  • Forskrift 13. juni 2000 nr. 660 om konstruksjon, utstyr og drift av fiskefartøy med lengde 15 meter eller mer § 10-4
  • Forskrift 30. september 2016 nr. 1042 om skipsutstyr § 16