Bakgrunn

Sjøfartsdirektoratet ser at ein del mindre fartøy som grunnstøyter ikkje brukar papirkart, men navigerer i kartmaskiner som ikkje er rattmerka.

I 2014 og 2017 gjorde det svenske forsikringsselskapet Alandia testar av slike kartmaskiner.

Resultata viste blant anna feil i enkelte skaleringsnivå, at sjøkarta ikkje vert oppdaterte og direkte feil i sjøkarta.

Kartmaskinene vart testa mot ei rattmerka kartmaskin (ECDIS) med kart godkjende av svenske sjøkartstyresmakter.

Krava i forskriftene kan summerast opp slik:

  • Fartøyet skal ha oppdaterte papirkart som dekkjer området for den planlagde reisa, eller
  • fartøyet skal vere utstyrt med rattmerka ECDIS med tilhøyrande ENC-ar for farvatnet som fartøyet seglar i, og
    • fartøyet skal vere utstyrt med ei reserveløysing, som kan vere:
      • ei ekstra ECDIS reserveløysing, inklusive ENC-ar, eller
      • oppdaterte papirkart

Desse mindre fartøya kan ha problem med å arrangere kartbord eller mangle plass for å installere rattmerka kartmaskiner med store 24-tommars skjermar.

Alternativ for skip med lengde (L) under 24 meter

Sjøfartsdirektoratet kan difor akseptere at ein på fartøy med lengde (L) under 24 meter nyttar kartmaskiner som er typegodkjende av Teknisk Kontrollorgan etter vedlegg 1.

Kartmaskina skal vere kopla til skipets mottakar for globalt satellittposisjoneringssystem. Dersom fartøyet har krav til, eller har installert gyro, kursindikator (THD) eller logg som viser fart gjennom vatnet skal desse vere rattmerka og kopla til kartmaskina.

Fartøyet må ha ei reserve kartløysing som anten kan vere oppdaterte papirkart eller rattmerka ECDIS eller ei ekstra kartmaskin i tråd med avsnittet over.

Rettsleg grunnlag

  • Forskrift 9. mai 2014 nr. 1157 om navigasjon og navigasjonshjelpemidler for skip og flyttbare innretninger § 3 første punktum
  • Forskrift 22. november 2013 nr. 1404 om fiske- og fangstfartøy under 15 meter største lengde § 85
  • Forskrift 13. juni 2000 nr. 660 om konstruksjon, utstyr, drift og besiktelser for fiske- og fangstfartøy med største lengde på 15 meter og derover § 10-4
  • Forskrift 30. september 2016 nr. 1042 om skipsutstyr § 16