Fritidsfartøyulykker med omkomne 2022

Antatt stad og dato

Antatt hendingsrekke

Konsekvensar på person

Grønedalen
Strand
Høgsfjorden
Rogaland
10.11.2022

Ein fiskar i 70 åra er funne omkomme i sjøen. Båten er ikkje funnen. Mannen skulle ut for å sjå etter fiskebruket sitt om formiddagen. Vedkommande vart meldt sakna like før kl. 16:00. Det vart sett i gang ein omfattande leiteaksjon i området Idsalsundet. Fiskeren fiska frå fritidsbåt.

Mann, 70 åra

Død

Tysnes
Sunnhordland
Vestland
24.10.2022

Ein mann er stadfesta omkommen etter at ein seglbåt hadde gått på grunn. Motoren stad framleis i gang, Nord for Tysnes i Sunnhordland, då ein mann vart funnen omkomen i sjøen like ved. Kokken 11.03 fekk HRS Sør-Noreg melding om ein seglbåt som hadde gått på grunn, med motoren i gang, nord for Tysnes i Sunnhordland. 

Mann, 50 åra

Død

Langesund
Vestfold og telemark
13.10.2022

Torsdag kveld vart det sett i gang ein stor redningsaksjon etter ein hummarfiskar i Langesund. Mannen i 60-åra vart meld sakna av familiemedlemmer som ikkje fekk kontakt med han. Ved 23.30-tida opplyste politiet at det var gjort funn av ein død person og ein båt i området.

Mann, 60 åra

Død

Sandøyna
Askvoll
07.10.2022

Ei kvinne i 30-åra omkom under båtulykka i Bulandet fredag ettermiddag. Det var klokka 13.18 at operasjonssentralen i Vest politidistrikt først fekk meldinga om ein fritidsbåt som hadde gått rundt og kantra vest for Sandøyna i Askvoll kommune, og at det var menneske i sjøen og inne i båten. Det vart raskt klart at det hadde vore tre personar i båten; to vaksne og eitt barn.

Kvinne, 30 åra

Død

Byfjorden
Bergen
Vestland
11.09.2022
Ein elleve år gammal gut døydde på sjukehus onsdag 21. september som følgje av den alvorlege båtulykka i Byfjorden 11. september. 
Båten kom i høg fart og trefte ei bølgje, før ho spann rundt og landa med kjølen opp.
Gut, 11 år

Død
Godvik
Kongshavn
Vestland
14.09.2022
AMK fekk melding om at ein mann hadde falle i sjøen frå ein landgang ved Kongshavn. Mannen vart halden inntil land, men var vanskeleg å få opp. Luftambulansen kom først fram. Dei fekk braka personen på land og starta umiddelbart livreddande innsats. Etter ei stund vart innsatsen avslutta og personen erklært død. Mann, 60 åra

Død
Risasjøen
Alver
Vestland
09.09.2021

Ein mann er sakna etter at ein førarlaus båt vart funnen i Alver kommune i Vestland fredag kveld. Det vart funne klede i sjøen, og at mannen truleg har på seg redningsvest. Ifølgje familien var det to redningsvestar i båten, men den eine var borte då båten vart funnen.

Mann, 60 åra

Død

Vågen
Kristiansund
Møre og Romsdal
27.08.2002

Det var laurdag morgon klokka 08.45 at politiet fekk beskjed om at mannen var funnen død i hamnebassenget i Vågen i Kristiansund. Politiet starta etterforsking med krimteknikere på staden. Det er framleis ikkje mistanke om at noko kriminelt har skjedd, men politiet etterforskar saka for å finna dødsårsaka. 

Mann, 73 år

Død

Ormøy
Tønsberg
Vestfold og Telemark
22.08.2022

Ein mann er bekrefta omkomme etter å ha vorte funne livlaus i sjøen måndag kveld. Redningsskøyta hadde funne vedkomande i samband med kontroll av ein drivande båt. Dette var avdøde båten sin. Mannen var åleine då hendinga fann stad. Ingen vi har vore i kontakt med har sett noko. Hovudteorien er at det er eit uhell. Han var ute i ein mindre båt og skulle sjå til den større båten sin.

Mann, 62 år

Død

Sirdal
Agder
13.08.2022

Det var totalt åtte personar involvert i hendinga fordelt på to vannscootarar og ein fritidsbåt som drog ein tube etter seg. Ein ung mann vart flogen til sjukehus med helikopter etter kollisjonen mellom ein båt og den eine vasscooteren laurdag. Han vart bekrefta omkommen seinare på dagen.

Mann, 18 år

Død

Røyken båtforeining 
Asker
Oslo
05.08.2022

Funn av ein person i vatnet ved ei båthamn. Vedkommande vart funne i hamna nær fritidsbåt registrert på han. Det er ting som tyder på at han har ramla i sjøen under av/påbording, men det er ingen vitnar til sjølve hendinga.

Mann, 46 år

Død

Lom
Innlandet
03.08.2022

Kajakkpadler omkom etter ei ulykke i Lom. Det var to kajakkar som var i vatnet, medan fleire personar følgde langs elva. Den omkomne er ein britisk statsborgar i tidleg 20-åra.  Det var eit privat følgje som var på kajakktur i elva.

Mann, 20 år

Død

Sjoa, Ridderspranget
Vågå
Innlandet
01.08.2022

Åtte Tsjekkiske speidarar var på ferie i Noreg. Dei sette ut med 2 stk. rafte-flåter på Sjoa elva. Flåta flippa rundt og alle personane ramla i elva. Alle untatt ein person kom seg på land. Livet stod ikkje til å redda på han siste.

Mann, 21 år

Død

Storvatnet
Statland
Namsos kommune
Trøndelag
26.07.2022

Ein stor leiteaksjon vart sett i gang etter ein mann då hunden hans dukka opp hos ein hyttenabo, utan eigar. Mannen var funnen omkommen i eit vatten. Under leitinga fann politiet båten til mannen drivande på den andre sida av vatnet i forhold til hytta hans.

Mann, 50 år

Død

Skarvbergvika
Båtsfjord
Troms og Finnmark
24.07.2022

Søndag kveld kantra ein båt med to personar om bord utanfor Båtsfjord. Ein mann i 50-åra er bekrefta omkommen. Det skal ha vore to personar i båten, ein far og sonen hans. Sonen fortel at vêret vart dårleg og at båten kantra. Båten har truleg tatt inn vatn frå bølgjene.

Mann, 52 år

Død

Kråkeneset
Bømlo
Vestland

21.07.2022

Torsdag fekk politiet melding om ei alvorleg båtulykke der ein liten båt hadde køyrt på ein stake (eit sjømerke) like utanfor Kråkeneset i Bømlo kommune. Ein tolv år gammal gut vart tatt opp av sjøen og frakta til land av ein annan båt. Livet stod ikkje til å redda.

Gut, 12 år

Død

Salsbruket
Nærøysund kommune
Trøndelag
19.07.2022

Ein mann vart meld sakna då han ikkje kom tilbake frå ein fisketur som avtalt. Han vart funnen omkommen i eit vatn på Salsbruket i Nærøysund kommune, etter å ha ramla i vatnet frå ein båt.

Mann, 34 år

Død

Hvaler
Viken
13.07.2022

Ein norsk mann og ei svensk kvinne er bekrefta omkomne etter ei båtulykke utanfor Strömstad onsdag formiddag. Mannen og kvinna skulle segle får Sverige til Noreg då vêret i området vart ustabilt. Det var tidvis sterke vindkast.

Mann, 76 år

Død

Kvinne, 62 år

Død

Smøla
Møre og Romsdal
04.07.2022

Éin person vart tysdag bekrefta omkomme etter at ein båt kantra i havet søraust for Smøla. Den omkomne er ein eldre tysk statsborgar og var i eit reisefølgje på fire. Fire personar skal ha vore i båten då den kantra. Dei kan ha vorte overraska av uvanlege mengder vind og regn i området forut hendinga, då båten skal ha vorte tatt av ei floing (eit brått vêromslag).

Mann, 68 år

Død

Seterøya
Moldefjorden
Møre og Romsdal
18.06.2022

To menn i 40 åra omkom laurdag då båten deira køyrde på eit skjer i nærleiken av Seterøya. Båten vart liggande i vatnet med baugen opp. Dei to vart funne inne i båten som vart liggande under vatn. Brannvesenet var på staden ti minutt etter at meldinga om ulykka. 

Mann, 44 år

Død

Mann, 47 år 
Død 

Kyrkjevatnet
Uggdalseidet
Tysnes
Vestland
16.06.2022

Ein gut omkom etter ein kanovelt på Tysnes i Kyrkjevatnet ved Uggdalseidet. Dykkarane til brannvesenet fann guten 25 m frå land, klokka 17:51, ein time etter at guten vart meld sakna.

 

Gut, 6 år

Død

Møkeren
Dragonmoen 
Innlandet
28.05.2022

Ein mann i 60-åra drukna laurdag kveld utanfor Dragonmoen camping etter at båten han sat og fiska frå kantra.

Mann, 62 år

Død

Killingen Marina
Bygdøy
Oslo
26.05.2022

Ein mann i 60-åra vart torsdag ettermiddag henta livlaus opp av vatnet ved Killingen Marina ved Bygdøy i Oslo. Kort tid seinare vart han erklært død. Mannen budde i ein båten som låg i hamna.

Mann, 63 år

Død

Borøykila
Borøya
Agder
28.04.2022


Mann vart funnen død i sjøen utanfor Borøya i ettermiddag. Ved 15-tida vart ein vaksen mann tatt på land. Han vart erklært død av lege på staden. Det vart òg funne ein båt i nærleiken. Mannen vart funnen nesten inne i Borøykilen, men politiet veit ikkje kvar han har falle i vatnet. Det er ingen vitne til hendinga, men politiet forhøyrer seg no i området, og er interessert i å komma i kontakt med folk som kan ha opplysningar. Det er ikkje noko som tyder på at mannen er vorte utsett for noko kriminelt, understrekar operasjonsleiaren i politiet. No skal denne saka etterforskast vidare av Holt politidistrikt.

Mann, 77 år

Død

Bildøypollen
Sotra
Vestland
19.04.2022

Mannen i 70-åra som fall over bord frå ein båt ved Bildøypollen på Sotra tysdag ettermiddag døydde natt til onsdag. Mannen som var båtvant og heimehøyrande i området var medvitslaus og hadde hjartestans då han vart henta opp av sjøen. Han var på ein planlagt fisketur saman med ein annan jamaldra mann. Han skal ha sklide bakover og fall over bord. Fleire vitne kom til og etter 5-10 minutt vart han braka på land og det vart igangsett livreddande førstehjelp.

Mann, 78 år

Død

Asker
Viken
31.03.2022

Det er gjort funn av ein livlaus person i vatnet. Denne personen er henta opp og bekrefta død. Vi kan opplysa at det er snakk om ein mann, seier operasjonsleiaren.

Mann, 58 år

Død

Florø
Vestland
28.03.2022

Ein person er bekrefta omkomen etter ei båtulykke i Florø. Avdøde er ein mann i 40-åra. Politiet fekk melding 08.35 om at det stod ein daycruiser delvis på land nord for Florø. Då nødetatane kom til staden fann dei ein person i tilknyting til båten. Personen vart tatt med i redningshelikopter for transport til sjukehus, men vart etter noko tid erklært død av lege. Det er ingen indikasjonar på at det var andre personar involvert, skriv politiet. Politiet undersøker omstenda rundt ulykka.

Mann, 45 år

Død

Nordland
Bindal
24.02.2022

Død mann er funne i sjøen i Bindal. Ifølgje politiet, vart han funne i sjøen ved båten. Brann og helse tok seg til staden med båt. Personen vart erklært død av legen og frakta med båt til land. Den avdøde mannen er i 70 åra. Det var liten storm i området den dagen ulukka skjedde.

Mann, 73 år 

Død

Agnefest
Lyngdal
Agder
17.02.2022

Ein mann er meld sakna og antatt omkomen. Siste observasjon av han blei gjort når han gjekk om bord i båten som ligg fortøydd ved Agnefest småbåthamn i Lyngdal. Vedkommande har  forsvunne frå båten. Ein overvakingsvideo i båthamna bekreftar at han ikkje har gått frå båten og bort frå småbåthamna. Vedkommande hadde ikkje vest på seg og det vert gjort dykkarundersøkingar etter vedkommande.

Mann, 62 år

Død

Vollen Marina
Akershus
Viken
13.02.2022

Det vart gjort funn av ein livlaus mann liggande i vatnet på Vollen marina mot Restaurantområdet søndag ettermiddag. Han vart funnen mellom brygga og ein båt som låg fortøydd på staden. Den omkomne budde i ein båt som låg fortøydd ved bryggeområdet i marinaen. 

Mann, 43 år

Død

Dimmelsvik
Kvinnherad
Vestland
11.02.2022

Ein eldre mann vart funnen omkomen i vatnet ved båthamna i Dimmelsvik båthamn i Kvinnherad. Ambulanse, brannvesen og politi rykka ut til staden og personen vart tatt på land etter kort tid, og det vart sett i verk forsøk på livreddande fyrstehjelp. Personen vart etter noko tid erklært død på staden. 

Mann, 85 år

Død

Tollbodbrygga
Flekkefjord
Agder
15.01.2022

Ein mann vart funnen drukna i hamnebassenget i Flekkefjord laurdag. Alt talar for at dette er ei ulykke. Avdøde hadde båten sin fortøydd ved Tollbodbrygga i sentrum, og har truleg falle ut i sjøen då han skulle til eller frå båten. Det var ein tilfeldig forbipasserande i båt som oppdaga den livlause kroppen. Mannskap frå ambulanse og brannvesen rykka ut. Den livlause kroppen vart tatt i land ved bryggeanlegget på Lasta, men mannskapa kunne raskt konstatera at vedkommande var død. Avdøde vil rutinemessig bli obdusert for å finna dødsårsaka.

Mann, 63 år

Død