Fritidsfartøyulykker med omkomne 2021

Antatt stad og dato

Antatt hendingsrekke

Konsekvensar på person

Brekksillan
Namsenfjorden
Trøndelag
02.12.2021

Ein mann i slutten av 60-åra frå Indre Namdal vart torsdag kveld funne død i Namsenfjorden utanfor Breksillan i Namsos (gamle Fosnes kommune). Det var privatpersonar som fann mannen og som melde frå til politiet om dødsfallet. Fredag har politiet rutinemessig oppretta sak for å finna ut av kva som har hendt. Det er vedtatt utført obduksjon av avdøde, og det blir gjennomført taktiske og tekniske undersøkingar. Det låg ein båt i nærleiken av den omkomne mannen.

Mann, 67 år

Død

Førdefjorden
Sunnfjord
Vestland
20.11.2021

Ein person er død etter ei drukningsulykke i Førdefjorden i Sunnfjord. Personen låg mellom ein båt og eit kaianlegg som var tilknytt land. Personen vart erklært død kort tid etter at nødetatane kom til staden. Ifølgje politiet er det ikkje noko som tyder på at det har skjedd noko kriminelt. Politiet vil likevel oppretta ei såkalla undersøkingssak. Det var pårørande som fann personen i vatnet og som melde frå til politiet.

Mann, 79 år

Ved Rott
Tananger
Rogaland
08.11.2021

Måndag ettermiddag vart ein hummarfiskar meldt sakna utanfor Tananger i Rogaland. Det vart igangsett eit stort søk i luft, til sjø Ved Rott og på land etter vedkommande. Mannen vart funnen omkommen i sjøen ved eit oppdrettsanlegg på Finnøy.

Mann, 61 år

Død

Tokagjelselva
Kvam
Vestland
24.10.2021

Ein stor redningsaksjon vart sett i verk søndag kveld, då ein person varsla politiet om tre personar og ein hund i ein robåt som var observert drivande nedover Tokagjelselva. Båten dreiv mot ein stor foss, som har eit fritt fall på rundt 15 meter. Redningsaksjonen fortsette gjennom natta, og det vart gjort funn av ei åre. Måndag formiddag vart det òg funne ein båt, eit stykke nedanfor fossen. På ettermiddagen vart det òg funne klede i nærleiken av båten. Redningsmannskapa har derfor konsentrert søket i området ved funna. Dykkarar søker no i vatnet nedanfor elva etter antatt omkomne.

Mann, 64 år

Død


Kvinne, 68 år

Død

Mann, 72 år

Død

Feøy
Karmøy
Rogaland
15.10.2021

Hovudredningssentralen i Sør-Noreg (HRS) fekk melding klokka 14.59 måndag om at ein krepsefiskar var sakna vest for Karmøy. Klokka 16.26 melder redningssentralen at det er gjort funn av ein båt og ein person i søkjeområdet. Vedkommande er bekrefta omkomme og vil bli frakta til land av redningshelikopter frå Sola.

Mann, 73 år

Død

Ulsteinvik
Møre og Romsdal
15.08.2021

Det var søndag formiddag at det vart funnen ein død person i vatnet ved småbåthamna i Ulsteinvik. Avdøde er ein mann i førtiåra. Folk var i kontakt med avdøde laurdag kveld og natt til søndag. Avdøde hadde ein båt liggande fortøydd i småbåthamna, og han vart funnen i nærleiken av denne. Det vil bli gjennomført obduksjon av den avdøde.

Mann, 45 år

Død

Storsjøen
Rendalen
Innlandet
01.08.2021

Ein mann vart meldt sakna etter å ikkje ha returnert frå fisketur. Ein leiteaksjon beståande av politi, sivile og redningshelikopter fann til slutt mannen i vatnet, fråskilt frå båten sin som var trekt med straums. Politiet antar at vedkommende har drukna.

Mann, 76 år

Død

Øyangen
Hønefoss
Ringerike
Viken
25.07.2021

Ein mann døydde søndag kveld etter at ein kano velta i Øyangen aust for Hønefoss. Det vart igangsett livreddande arbeid på staden, men livet stod ikkje til å redda. Ei kvinne som også var om bord i kanoen, kom frå det utan fysiske skadar. Ho klarte å symja i land på ei øy. Ho blir varetatt av helsepersonell. Kvinna er sambuaren til den no avdøde mannen.

Mann, 58 år

Død

Tvedestrand
Agder
10.07.2021

I samband med eit båtrace trefte ein båt ei bølgje i høg fart og forliste. Det var to personar om bord. Båten skal ha gått ned raskt, og samanstøyten medførte alvorlege skadar på den eine av dei to, medan den andre blei erklært død på staden.

Mann, 46 år

Død

Fiskemovatn
Vinje
Vestfold og Telemark
04.07.2021

Ein mann vart meldt sakna då han ikkje kom attande frå fisketur til avtalt tid. Leiteaksjon vart sett i verk, og båten til vedkommande vart funnen tom av Sea King redningshelikopter. Ei kort stund seinare vart mannen funnen livlaus i vatnet. Politiet antar at mannen har falle over bord under fisking.

Mann, 58 år

Død

Vierødfossen
Steinsholt
Larvik
Vestfold og telemark
30.06.2021

 

To menn omkom då dei to kanoane dei sat i valta i Numedalslågen. Dei var på kanotur med ektefellane sine. Kvinnene skal ha kome seg i land av eige hjelp, medan mennene vart henta i land av redningsmenn frå helikopter.

Mann, 71 år

Død

 

Mann, 72 år

Død

Jørpeland
Rogaland
24.06.2021

 

Det var ein privatperson i eigen båt som observerte ein person som låg i vatnet ved sidan av ein båt. Naudetatane vart kontakta, og det vart igangsett livreddande førstehjelp. Mannen vart frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse, men døde fredag morgon.

Mann, 17 år

Død

Øst for Rødøya utanfor Losvika
Rødøyfjorden
Nordlang
08.06.2021

 

Ein mann omkom etter ei båtulykke i havet i Rødøyfjorden. Han skal ha ramla ut av ein båt. To men hoppa etter han for å forsøka å berga livet hans, men mannen var hardt skada då han vart frakta til sjukehuset så livet stod ikkje til å redda.

Mann, 42 år

Død

Fredrikstad
Viken
02.06.2021

 

Ein mann vart observert då han ramla over bord når han heldt på med arbeid i båten sin. Han vart funnen flytande i elva og tatt i land for gjenoppliving. Livet stod ikkje til å redda.

Mann, 69 år

Død

Lindesnes
Agder
27.05.2021

 

To personar er sakna etter at det vart funnen ein havarert båt utanfor Lindesnes fyr.

Mann, 44 år

Sakna, antatt omkommen

 

Mann, 51 år

Sakna, antatt omkommen

Flesland
Vestland
23.04.2021

 

To menn dreiv med fritidsfiske frå ein 35 fots sjark ved Flesland då mannen fall over bord. Han vart henta opp av sjøen drygt 500 meter frå land. Det er ein del vind i området. Han vart frakta til sjukehuset, men livet stod ikkje å redda.

Mann, 67 år

Død

Utsira
Karmøy
Rogaland
19.04.2021

 

Mannen i slutten av 60 åra drog ut tidleg på morgonen, på kreps fiske. Då mannen ikkje kom heim til avtalt tid, meldte familien i frå. Hovudredningssentralen satt i gang søk, men han vart bekrefta omkomen. Det var fint vært i området.

Mann, 67 år

Død

Salhusfjorden
Knarvik
Vestland
16.04.2021

 

Ein ung mann er sakna etter ei vasskuter-ulykke. Det var to menn i byrjinga av 20-åra som køyrde på same vasskuter, då det gjekk gale i Salhusfjorden ved Knarvik utanfor Bergen fredag. Begge to vart kasta av og slengd utpå fjorden. Dei hadde kontakt med kvarandre idet dei la på svøm tilbake til vasskuteren. Då mannen hadde kome seg opp på vasskuteren att, var kameraten forsvunne. Han som kom seg på vasskuteren att, vart berga innan kort tid.

Mann, 25 år

Sakna, antatt omkommen

Homborsund fyr
Grimstad
Agder
15.04.2021

 

Det var tidleg torsdag ettermiddag at politiet fekk inn melding om at det var funnen ein død mann i sjøen utanfor Homborsund fyr. Ved 14-tida fann Skjærgårdstenesta til Grimstad kommune ein eldre mann flytande i sjøen. Vedkommande vart tatt opp i båten, og politiet varsla. Det var ikkje nokon som var meldt sakna, men i 22-tida torsdag fekk dei ei bekymringsmelding frå pårørande til ein som var ute for å fiska. Politiet kopla fort denne meldinga opp mot funnet utanfor Homborsund, og fekk raskt avklart at mannen som vart funnen, var identisk med han som det kom sakna melding. Båten er framleis sakna.

Mann, 78 år

Død

Vestfjorden
Nordland
24.03.2021

 

Ein mann er funnen omkomen i Vestfjorden. Det har gått føre seg leiteaksjon sidan kapteinen sjølv ringde HRS og fortalde at han hadde vanskar. Navigasjonssystemet hadde black out og seglbåten, hadde byrja å ta inn vatn. Mobiltelefonen han ringde frå var blaut, så han trengde hjelp. Eit stort leiteapparat vart sett i verk.

Mann, 66 år

Død

Blomvåg
Øygarden
Vestland
10.03.2021

 

Ein fritidsfiskar vart meldt sakna utanføre Øygarden, onsdag føremiddag av sin familie, då han ikkje hadde kome heim att, etter å ha trekt garn. Han drog ut kl. om morgonen i en 24 fot stor fritidsbåt. Det var meldt om mykje sjø i området, og vindmålinga viste 22,8 m/s, og det kunne koma vindkast opp i 33,7 m/s, på det meste.

Mann, 70 år

Sakna, antatt omkommen

Vestresand
Nordland
01.02.2021

 

En mann i 60-årene vart funnen omkomen på  måndag kveld. Mannen vart funnen i havet i nærleik til sin fortøydde båt. Den omkomne vart meldt sakna på kvelden.

Mann, 69 år

Død