Fritidsfartøyulykker med omkomne 2020

Antatt stad og dato

Antatt hendingsrekke

Konsekvensar på person

Eigerøy fyr,
Egersund,
Rogaland,
09.10.2020

Ein far og sønn omkom etter at ein fritidsbåt kantra ved Eigerøy fyr i formiddag i forbindelse med hommarfiske. Nærliggnde båtar greidde ikkje å få personane opp frå sjøen. Dei vart plukka opp av redningshelikopter og frakta til sjukehuset, men liva stod ikkje til å redde. 

Mann, 87 år
Død

Mann, 62 år
Død

Kjeøyane,
Gulafjorden,
Gulen,
Vestland,
25.09.2020

Det vart observert ein tom båt køyrande i ring i høg hastighet i Gulafjorden fredag kveld. Store ressusras og frivillige organisasjonar vart sendt ut for å undersøka om det kunne vere ein person i sjøen. Det vart gjort funn av ein person kl. 20:04 på kvelden. Han vart erklært omkomen på sjukehuset kort tid etter. 

Mann, 41 år
Død

Lundsvågen,
Hundvågøy,
Rogaland,
05.09.2020

Ein mann i 30 åra vart funnen i sjøen etter at ein tom båt var observert drivande. Det var fiskeutstyr i båten og motoren i gang. Han fekk hjerte - og lungeredning, men vart erklært død på Stavanger univeristetssjukehus seienare på dagen. 

Mann, 30 åra
Død

Grilsta Marina,
Trondheim
Trøndelag
31.08.2020

Ein mann i 60 åra vart rakst bekrefta omkomen etter å han blei henta opp frå sjøen ved ein småbåthavn i Trondheim. Det var ein beboar i området som fortalde at han såg ein person som låg i vatnet blant båtane. 

Mann, 60 åra
Død

Leinesodden,
Nordland,
30.08.2020

To vaksne menn hadde dratt på fisketur i ein 17 fots open fritidsbåt på kvelden. Då dei ikkje kom attende til forventa tid, varsla familien politet. Ein leiteaksjon vart sett i gang og båten vart funnen på ein holme. Han yngste vart bekrefta omkomen, medan den andre mannen var skadd og frakta til sjukehuset med helikopter.

Mann, 38 år
Død

Mann, 52 år
Skadet

Hnnisand,
Nes,
Glomma
Romerike,
Viken
22.08.2020

Mann i 50 åra er sakna i Glomma. Han skal ha ramla over bord og dei andre som var i båten prøvde å hoppe etter for å få tak i han, men dei lyktes ikkje med det. Båten mannen ramla fra, skal vere ein husbåt og det var ein sosial samankomst da ulykka hendte. Det var sterk straum i elva.

Mann, 50 åra
Død

Skreifjella,
Østre Toten,
Mjøsa,
Innlandet,
02.08.2020

Etter ein omfattande leiteaksjon og etterforskning i ti døgn, vart det funnen ein død person i Mjøsa. Vedkommande skal ha blitt funne på 30 meters djup. Etter at politiet fekk tips om små vrakdelar og merker i fjellveggen ved Skreifjella, starta eit søk på staden. Båten har køyrd inn i ein fjellformasjon, men er enda ikkje funnen. 

Mann, 45 år
Død

Anarjohka,
Finnmark
26.07.2020

Ein mann vart meldt sakna natt til måndag etter at ein elvebåt hadde kantra i grenseelva Anárjohka mellom Norge og Finland. Personane skulle sette ut båten da den endte på tverra og tok inn vatn. Dei klarte ikkje å holde båten, så den omkomne ramla ut i elva og vart hengande fast i båten. Den andre personen kom seg i land på finsk side og varsla finske nauddetatar. Da meldaren kom attende til staden var personen vekk.

Mann, 69 år
Død

Hamnøya,
Vevlestad,
Sør-Helgeland,
Nordland,
14.06.2020

Ei tragisk hending har skjedd på Hamnøya i Vevelstad på Sør-Helgeland søndag. Politiet fekk melding om at hjarte- og lungeredning var satt i gang på ein mann i 80-åra. Kort tid forut hadde mannen lagt på svøm for å hente sin eigen båt som var på rek. Kona såg fra land at han fekk problem med å halde hovudet over vatnet. Kona fekk han opp på land og saman med helsepersonell, som tilfeldigvis var på staden, vart det satt i gang hjarte- og lungeredning. Mannen vart dessverre erklært død av lege. 

Mann, 80 år
Død

Årebrot,
Kinn,
Vestland,
30.05.2020

Ein 60 år gammal mann omkom etter at ein båt gjekk på grunn ved Krespinusholmen ved Årebrot i Kinn kommune laurdag ettermiddag. Redningsskøyta Halfdan Grieg rykte ut til ulykka, der det kort tid etter blei henta ein livlaus person opp frå sjøen. Den omkomne var åleine i båten.

Mann, 60 år
Død

Mjøsa,
Gjøvik,
24.05.2020

Ein eldre mann er bekrefta omkommen etter å ha blitt funne livlaus i Mjøsa natt til søndag. Han vart frakta til sjukehuset, men livet sto ikkje til å redda. Det er uklart kva som har hendt, men han vart funnen i vatnet i nærleiken av der han har ein båt liggjande. 

Mann, 70 år
Død

Hvaler,
Oslo,
22.05.2020

To personar er funnet omkomme etter ei ulykke med vannscooter. Dei forulykka gjekk ut med scooteren i 19 tida fredag kveld, og vart meldt sakna i 22 tida. Søk vart iverksett under dårlege og utfordrande vêrforhold (bølgjehøgda på 5 m). Scooteren vart funnen delvis nedsenka i fire tida, og dei to personane vart funnen ca. kl. 09:00 laurdag morgon.

Mann, 34 år
Død

Mann, 36 år
Død

Hyggen, 
Asker,
Viken,
09.05.2020 

Ein er mann henta opp av vatnet av ein dykkar, etter å ha loge 40 minuttar under vann. Mannen vart frakta i helikopter til Ullevål sjukehus, men livet hans sto ikkje til å redda. Ifølgje politiet skjedde drukningsulykka da to menn skulle fortøye ein båt. 

Mann, 74 år 
Død 

Kvigesundsholmane, 
Brandanger, 
Gulen, 
Vestland 
28.04.2020 

Ein eldre mann er funnen død ved Kvigesundsholmane i Gulen. Politiet trur det er same person som var meld sakna etter ei drukningsulykke tidlegare i uka. Mannen var alene på ei hytte i Brandanger da familien prøvde å få kontakt med han, men lykkast ikkje med det. Det ble gjort eit omfattande søk, etter at ein robåt ble funnen bunden til ein fiskemerd med fisk i. Tauet til bøya hadde hekta seg fast i åre-gaffelen i båten. Støvlane til mannen vart funnet på botnen under båten. 

Mann, 90 år 
Død 

Vesla-Sild, 
Varaldsøy, 
Kvinnherad, 
Vestland 
18.04.2020

Ein fritidsbåt gjekk på grunn natt til søndag. To personar vart flydd til Haukeland universitets sjukehus. Ein mann i byrjinga av 50 åra var bevisstlaus da han vart redda ut av vatnet. Han var erklært død i 08-tiden søndag morgon. Kvinna, som varsla om ulykka, skal ha lege i sjøen og klamra seg til land. Kvinna er ikkje livstrua skadd. 

Mann, 51 år 
Død 

Kvinne, 38 år 
Skadd 

Hemnes,
Karlsøy,  
Troms 
04.04.2020 

Laurdag ettermiddag vart ein eldre mann funnen i fjæra i nærleiken av småbåthavna på Hansnes, i Karlsøy kommune. Lege har erklært mannen omkomen. Mannen hadde tatt båten på havet og var på veg attende da han fall over bord. Politiets undersøking så langt, styrker oppfatninga om at årsaka til dødsfallet skylde ei ulykke. 

Mann, 81 år
Død 

Mjøsa,
Hamar,
Innlandet 
23.03.2020 

Avdøde har lagt ut på padletur på Mjøsa, der det byrja å blåse opp slik at kajakken truleg vart svært vanskeleg å manøvrere. Avdøde var berre iført vanleg yttertøy. Utan redningsvest hamna han i "kalde Mjøsa" og drukna. Han vart funnen ved helikoptersøk ikkje langt frå den flytande kajakken. 

Mann, 24 år, 
Død 

Lurøysundet,
Helgeland,
Nordland 
17.03.2020 

Ein mann er stadfesta omkomen etter funn av ein kantra fritidsbåt. Det var ein båt frå oppdrettsanlegget i nærleiken som fann mannen under den kantra båten, da han løfta han opp av sjøen med ein krane. Mannen var busett i same område som han var ute for å dra garn i. Båten tippa rundt da mannen skulle dra inn garnet. Det var bølger på rundt ein meter, og det var ein del vind i området. Han hadde på seg redningsvest. 

Mann, 70 år, 
Død