På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har Sjøfartsdirektoratet laga eit forslag til nye reglar for utslepp av kloakk, som no er sendt ut på høyring. Formålet er å hindra utslepp av kloakk og bidra til mindre utslepp av kloakk langs norskekysten, særleg i indre farvatn med mindre straum og mindre vassutskifting.

– Potensialet for utslepp av kloakk er stort, og forslaget vil innebera ein monaleg reduksjon av utslepp av kloakk og bidra til å ivareta miljø og helse, seier Bjørn E. Pedersen, avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet.

 

Gjeldande reglar

I norske farvatn er utsleppskrava mindre strenge enn det som følger av det internasjonale regelverket i MARPOL vedlegg IV, som seier at grensa for utslepp av kloakk er ved 12 nautiske mil, altså 22 224 meter frå land. Vidare er det eit krav i MARPOL vedlegg IV at alle skip som er omfatta av regelverket, skal vera utstyrt med kloakkreinseanlegg, oppmalings-/desinfiseringsanlegg og/eller oppsamlingstank. For oppmalt og desinfisert kloakk er grensa ved tre nautiske mil.

I Noreg kan ein sleppa ut ureinsa kloakk 300 meter frå land langs store delar av kysten. Dette har bakgrunn i at mange kommunar mangla reinseanlegg for kloakk då regelverket blei innført, i tillegg til at det generelt er god sirkulasjon i vassmassane langs kysten.

Her til lands er reglane i MARPOL vedlegg IV kun gjeldande for skip i utanriksfart på strekninga frå Lindesnes til svenskegrensa. Ein foreslår no å gjera utsleppskrava i MARPOL vedlegg IV gjeldande både for skip i internasjonal fart og innanriksfart, i heile det norske farvatnet.  

 

Skjerpa krav

Forslaget rettar seg mot skip med internasjonale sertifikat, uavhengig av byggeår og for passasjerskip med fartsområde "liten kystfart" eller mindre, eller "kystfiske eller mindre" med bruttotonnasje 400 eller meir, og som er sertifisert for meir enn 100 passasjerar.

Dei gjeld også for nybygg over 400 bruttotonn som har kontraktsdato etter 1. mars 2020, og som er sertifisert for meir enn 15 personar og skal gå i fartsområda «liten kystfart» eller «kystfiske».

Dersom desse skipa går i fart som gjer det vanskeleg å overhalda den geografiske grensa, må dei ha kloakkreinseanlegg eller oppmalings- og desinfiseringsanlegg. Alternativt kan dei ha oppsamlingstankar for kloakk om bord, som kan leverast til land for tømming. For passasjerskip i rutefart i Noreg vert det foreslått ei innfasing av utsleppskrava for kloakk.

Skip som ikkje er omfatta av den nye grensa, må framleis følga den eksisterande utsleppsgrensa som går 300 meter frå fastland og øyer.

 

Heile høyringsbrevet finn du her.