Kystvakta er på mange måtar våre øyre og auge på havet. Difor er det viktig å oppdatere kvarandre, særleg med tanke på den jobben dei gjer på vegne av oss, seier fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad. 

Medan skipet låg til kai utanfor Sjøfartsdirektoratet i Haugesund, var representantar frå avdeling for operativt tilsyn i direktoratet om bord for å oppdatere mannskapet på KV Tor om regelverk og rutinar ved ulike skipstilsyn. 

 KV Tor og dei andre kystvaktskipa er ute på havet og kan observere tilhøve som ein bør sjå nærare på, og som me på land ikkje kan fange opp. Me kan ikkje understreke sterkt nok kor viktig dette samarbeidet er, seier Thomas A. Bergh, som er leiar for Underavdeling inspeksjon, revisjon og beredskap i Sjøfartsdirektoratet. 

 

Har oppdrag for direktoratet

På oppdrag frå Sjøfartsdirektoratet kan Kystvakta gjere ulike undersøkingar og tilsyn når det gjeld alt frå arbeidstilhøve om bord til sjekk av sertifikat og dokument. Under desse oppdraga er det god dialog mellom direktoratet og dei om bord. Kystvakta har òg avslørt miljøsynder, til dømes dumping av søppel i sjøen.  

I sommar har Kystvakta også bidratt i haldningsarbeid inn mot fritidsfartøySkipssjef om bord på KV Tor, Bjørn Ole Hanssen, seier at dette hadde vore eit hyggeleg avbrekk i dei ordinære oppdraga dei elles har.  

 Det å møte folk på ein positiv måte og snakke om sjøtryggleik, er noko som også me hadde gode erfaringar med, påpeika skipssjefen.