Fleire land har sett i verk tiltak for å redusere eksponering og smitte til innbyggarane. Dette gjeld også sjøfart.
 
Sjøfartsdirektoratet har fått fleire spørsmål frå dei tekniske inspektørane om problem med å utføre planlagde mannskapsbyte. Andre ber om godkjenning av at mannskap får halde fram i tenesta om bord dersom kompetansesertifikat, helseerklæring osv. ikkje lenger er gyldig og/eller dersom ein arbeider utover grensa fastsett i den internasjonale konvensjonen om sjøfolks arbeids- og levevilkår (MLC).
 
Sjøfartsdirektoratet meiner dette er ein situasjon dei tekniske inspektørane ikkje kan rå over.
 
Sjøfartsdirektoratet gir mannskapet mellombels løyve til å halde fram i tenesta om bord i norske fartøy fram til ei eigna ordning er på plass. Dei tekniske inspektørane skal prøve å løyse situasjonen snarast og utføre mannskapsbyte så snart det er mogleg.
 
Vi ber dei tekniske inspektørane om å rådføre seg med dei lokale styresmaktene i god tid før dei legg til hamn for å få informasjon om gjeldande restriksjonar og andre førebyggande tiltak.
 
Dersom det oppstår problem knytte til denne situasjonen, kan reiarlaget kontakte Sjøfartsdirektoratet på tlf. + 47 52 74 50 00. Denne tenesta er døgnopen.

Referansar:

WHO

IMO 

Crew change on Norwegian vessels during Novel coronavirus (2019-nCoV).pdf