Med 28.000 besøkande frå 74 land er Aqua Nor definitivt ein viktig møtestad for havbruksnæringa. Sjøfartsdirektoratet jobbar for tida med fleire viktige saker som omhandlar arbeidsbåtar og mannskap i havbruksnæringa, og valte i år å satsa med både stand og miniseminar under messa.

– Standen vår var veldig godt besøkt. Mange hadde spørsmål om forskrifta for mindre lasteskip som er under revidering. Mange lurte også på dette med grensegangen mellom vår og Arbeidstilsynet si rolle når det gjeld tilsette i havbruksnæringa, fortel Elisabeth Vaagen i Sjøfartsdirektoratet.

 

Arrangerte miniseminar

For å informera næringa om det pågåande arbeidet med å revidera forskrifta om bygging og tilsyn av mindre lasteskip, inviterte direktoratet til eit eige miniseminar. Der viste dei denne presentasjonen, som viser forslag til nokre av endringene som er tenkt i samband med revisjon av forskriften.

På miniseminaret blei det også informert om nye sertifikatkrav til mannskap på mindre arbeidsbåtar og ulykkesbildet i næringen og risiko.

– Oppmøtet var veldig bra, og vi fekk mange gode innspel og spørsmål frå salen, seier Vaagen.