I sommar arrangerer Sjøfartsdirektoratet igjen ein fotokonkurranse der fritidsbåtar står i fokus. Alle som ønskjer kan delta i konkurransen, så her er det berre til å knipsa i veg når motiva byr seg.

–­ Vårt mål er at folk skal ha det triveleg og fint på sjøen, og god tryggleik er essensielt om ein vil sikra seg ei fin båtoppleving, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen. Det er desse fine turane vi ønskjer å få tilsendt bilete frå.

Resultatet av konkurransen blir kunngjort i neste nummer av Navigare, som kjem ut i september. For at vi skal klara å kårea vinnaren i tide, må vi ha mottatt bileta seinast 15. august.

Premiar:

1.plass:                Gåvekort på 5000 kroner og ein flytevest

2.plass:                Gåvekort på 2000 kroner og ein flytevest

3.plass:                Flytevest

4. – 10.plass:      Naudladarar

 

Viktig:

  • Send berre digitale bilete
  • Bileta skal sendast til hmsu@sdir.no innan 15. august.
  • Maks fem bilete per deltakar
  • Bileta må vera i høgaste oppløysing
  • Merk sendinga tydeleg med fotografen sitt namn, adresse og telefonnummer
  • Sjøfartsdirektoratet har rett til å publisera innsendte bidrag i Sjøfartsdirektoratets publikasjonar. Dersom ein kan identifisera personar på bileta må dei vera gjort kjende med dette.