Nær halvparten av sjekklistene er sendt frå passasjerskip, om lag 40 prosent kjem frå lasteskip og vel 10 prosent frå fiskefartøy. Ein og annan har kryssa av for kategorien «anna», men desse har vi forsøkt å få inn under ein av dei nemnde kategoriane.

Jamt over er det mange flinke folk som arbeider i næringa, og det blir arbeidd godt med tryggleik. Likevel ser vi kommentarar og funn som vi trur kan gjelde fleire.

Gjennomgang av funn

Når vi spør om ulike område er reine og ryddige slik at det er mogleg å unngå snubling og fall, har vi fått kommentarar som gjeld stroppar og tau, spesielt i fortøyingsområde. Tauverk må vere ryddig og fornuftig plasserte, og området må vere tenleg utforma.

I sjekklista blir reiarlag og fartøy utfordra til å ta ein runde på fartøyet og verifisere ulike tryggingstiltak. Her kjem det fram at det er fleire manglar. Det er rapportert om ein del lause dørkplater i maskinrom. Kommentarar viser at nokre er lause grunna fordi ein skal komme lettare til, medan det i andre tilfelle blir opplyst om at dette er noko som vil bli utbetra. Det kan gjerast kompenserande tiltak om dørkplater må vere lause.

Det er tydeleg at mange meiner dei kan bli betre til å bruke personleg verneutstyr ved ulike arbeidsoperasjonar. «Kan bli betre» er ein kommentar som gjentar seg, og det er fleire som seier at det er lett å gløyme det. Nokon forklarer det med tidspress og meiner dei treng ei påminning.

– Vi i Sjøfartsdirektoratet meiner det har samanheng med tryggingskulturen om bord. Viss ein stiller krav mannskapet om å bruke personleg verneutstyr, og dette er noko «alle» er samde om, vil den interne kulturen bidra til bruk av slikt utstyr i alle operasjonar der det er aktuelt, seier Sverre Flatebø, seniorrådgivar i seksjon for risiko og analyse.

Sklisikring

Eitt av punkta i sjekklista som har fått mange kommentarar, er om det er tilstrekkeleg sklisikring på utsette område som arbeidsdekk, maskinrom, ved vinsjar, leiderar og dørk i innreiinga. Fleire kommenterer at det manglar sklisikring og til dømes sand i måling. Andre har merka seg at sanden nokre stader er sliten vekk.

– Då er naturlegvis effekten borte. Vi tilrår sterkt at ein jamleg vurderer kvaliteten på sklisikring og alltid utbetrar ved behov, seier Flatebø.

Enda fleire kommentarar fekk vi på tiltak når det er snø og is. Mange påpeikte at det ikkje var eigne prosedyrar for dette, og at det berre blei moka når det trengtest. Men kven avgjer når det trengst?

Det er varierande kvalitet på fottøy som ein får kjøpt i butikken. Ein tenkjer gjerne at godkjende vernesko er godkjende vernesko, men det vil vere forskjellar, spesielt på solen. På betong i tørre fabrikkområde vil ein hard sole kunne fungere godt, medan han vil vere mindre god på vått stålunderlag. Fleire kommenterer at det er tilfeldig kva moglegheiter som ligg inne hos leverandørane når det gjeld vernesko.

Verneombod

Vi ser at bruken av verneombod varierer. Fleire er usikre på i kor stor grad verneombod har vore med på å utarbeide prosedyrar og risikovurderingar. Andre vil involvere verneombod i større grad.

Organisatoriske forhold

Det blir rapportert om generelt gode haldningar og god tryggingskultur blant mannskap. Samtidig er det viktig, spesielt for skipsførarar og reiarlag, alltid å gå føre som gode døme. Det hadde notert i sjekklista at både haldningar og tryggingskultur kan bli betre. Sannsynlegvis er dette eitt av dei viktigaste punkta å arbeide med kontinuerleg i heile bransjen.

Fleire rapporterte å ha opplevd om at fartøyet ikkje var tilstrekkeleg bemanna, og at arbeidet iblant blei organisert slik at stress og "snarvegar" ikkje kunne unngåast. Fleire hadde fått redusert bemanning, slik at fleire vedlikehaldsoperasjonar blei prega av stress.

Fleire hadde fått redusert bemanning, og opplevde stress for å få gjennomført fleire vedlikehalds-operasjonar.

Nokon kommenterte at dei ikkje alltid har høve til å gjennomføre arbeidet på tryggast mogleg måte. Til dømes kan dei ikkje alltid setje av tid før avgang til snørydding og salting. Dette er kan hende ein konsekvens av førre punkt, men det er uansett viktig å vere klar over dette når ein planlegg ulike arbeidsoppgåver.

Ulike risikovurderingar

I sjekklista ber vi om at ein vurderer risiko i ulike settingar: ved arbeid i høgda, mann over bord, lasting og lossing, fortøying, proviantering, arbeid på dekk, arbeid i maskinrom, arbeid i bysse og med proviant, arbeid i fabrikkområde på fiskefartøy og dessutan risiko for fallhendingar når ein kjem om bord.

Når det gjeld vurdering av risiko for fallhendingar når ein kjem om bord, var det mange som ikkje hadde vurdert kaiområdet i det heile. Seinare blei dei spurt om kaiområdet rundt gangveg var ryddig og sklisikkert. Her var det mange som ga negativt svar og kommenterte at det kan vere dårleg vedlikehald, glatt, dårlege logistikkløysingar og ikkje rydda område. I tillegg var det nokon som kommenterte av enkelte kaiar er dårleg opplyste. Alt dette bør mannskap vere merksame på og ha lagt planar og risikovurderingar for.

Mange risikovurderingar har ikkje god nok vurdering av fall og faren for fall. Sjøfartsdirektoratet meiner at gode og aktuelle risikovurderingar, og dermed auka risikoforståing og god tryggingskultur om bord, er blant dei tiltaka som vil ha desidert best effekt for å unngå uønskte hendingar.

Eit anna forhold som fleire nemner, er at det er mange som ikkje utfører risikovurderingar regelmessig. Det var ting som tyda på at risikovurderingane var utførte éin gong og deretter hamna i ein perm eller eit system.

– Det er viktig å merke seg at om ein gjennomfører risikovurderingar regelmessig og gjer arbeidet stadig betre, vil det gi auka risikoforståing blant dei som arbeider om bord. På den måten vil risikoen bli redusert, seier Flatebø.

Under arbeid i høgda var det fleire som kommenterte manglar i risikovurderingane når eksterne eller mindre erfarne personar (til dømes lærlingar) skal utføre arbeid om bord.

Faktisk risiko blir redusert

Vi i Sjøfartsdirektoratet er godt nøgde med den digitale sjekklista og alle som har gjennomført denne. Vi opplever at den faktiske risikoen blir redusert ved at mannskapet gjennomfører sjekklista. I tillegg vil den generelle tryggingskulturen – og ikkje minst risikoforståinga – auke, noko som òg vil få positiv innverknad på tryggleiken innanfor andre område enn fallhendingar.

Sjøfartsdirektoratets tilråding er derfor framleis å gjennomføre sjekklista med alt mannskap om bord. Vi tilrår dessutan å bruke erfaringar og læring frå denne artikkelen til å auke tryggleiken og redusere risiko om bord.