– Sjølv om ein sjølvsagt ynskjer at alle kjem trygt heim, er det gledeleg at ein nå ser nok eit år der talet på omkomne går ned. Me håpar og trur at dette er eit resultat av eit samla fokus på tryggleik frå fleire etatar og organisasjonar, men ikkje minst at folk er blitt endå flinkare til å tenkje tryggleik når dei skal ferdast på sjøen i fritidsbåt, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.

Sjekk av flyteutstyret

Direktoratet oppmodar alle til å sjekke flyteutstyret, for eksempel at patronane i oppblåsbare flytevestar er innanfor haldbarheitsdato, og at flyteutstyret blir nytta på rett måte. Uansett om ein er åleine eller fleire ombord, er det også lurt å bruke utstyr som stoppar motoren om ein fell over bord. Å kunne varsle ved ei hending er også viktig – her kan ein vasstett mobilpose gjere god nytte. Det å kunne melde frå er og noko Statens havarikommisjon for transport trakk fram i rapporten sin etter å ha undersøkt alle dødsulykkene med fritidsbåt. i 2018.*.

– Sjølv om temperaturen no stig i sjøen, er det viktig at ein, i tillegg til å varsle, kjem seg raskt om bord i båten om ein fell over bord. Då trengs det utstyr som stoppar motoren. Det gjer at også andre som ferdast på sjøen kan kjenne seg trygge ettersom ein båt som dreg av garde utan førar, utgjer ein stor risiko, seier Aarhus.

Naudsynt kommunikasjonsutstyr

To av dei ni dødsulykkene skjedde frå kano, to frå lukka eller delvis lukka motorbåt. Det er førebels ikkje stadfesta bruk av flytevest i meir enn tre av ulykkene, og der var det to med vest og ein utan.

– Når tala no heldigvis blir lågare er det òg vanskeleg å trekkje ut nokre trendar, men både i kano/kajakk og opne båtar er ein meir utsett, og då er det avgjerande å tenkje over kva ein gjer om uhellet er ute. Er ein åleine i båt, er det ekstra viktig å tenkje over om ein har naudsynt kommunikasjonsutstyr tilgjengeleg og utstyr til å kome seg om bord i båten igjen om ein fell over bord, seier Aarhus

Dødsulykkene skjedde i Rogaland (2), Troms (2), Aust Agder (1), Hordaland (1), Møre og Romsdal (1), Vest Agder (1) og Vestfold (1).

*SHT- rapporten, s.3:
«Halvparten av de omkomne i 2018 druknet etter at båten hadde kantret eller etter at de hadde falt over bord. I de fleste tilfeller tok det lang tid, mer enn 45 minutter, før andre var klar over at de var i nød. Nedkjøling har sannsynligvis bidratt til at de omkom.». «Umiddelbar varsling om nød og posisjon, i kombinasjon med bruk av riktig tilpasset redningsvest og påkledning som forsinker nedkjøling, kan bidra til at personer overlever etter å ha falt i sjøen.»