Tabellen, som blir utgiven årleg av International Chamber of Shipping (ICS), vurderer flaggstatane ut frå ei rekke ulike kriterier, som mellom anna rangering i hamnestatskontrollar, om flaggstaten ratifiserser sentrale maritime konvensjonar, alderen på flåten og deltaking på IMO-møter.

– Noreg er ein attraktiv flaggstat, og saman med næringa har Sjøfartsdirektoratet jobba målretta for å auka kvaliteten på norskflagga fartøy. At dette også viser igjen internasjonalt, betyr at vi får tyngde både i nasjonale og internasjonale fora. Vi har også lagt om på arbeidsmetodane når det gjeld oppfølgjing av fartøy under norsk flagg, noko som visar igjen på denne lista, seier Lars Alvestad, som er avdelingsdirektør for Fartøy og sjøfolk i Sjøfartsdirektoratet.

Målet med lista er ifølgje ICS todelt. Dei ønskjer å oppmuntra reiarar og operatørar til å vurdera kvaliteten nøye ved val av flaggstat, og å oppmoda reiarane til å ha dialog med flaggstats-administrasjonane for å bidra til forbetringar som gjeld tryggleik, miljø og arbeidstilhøve.

Heile lista finn du her.