Forskrift om fartøy som blir brukte av opplæringsinstitusjonar, lag eller foreiningar var på høyring frå 22. desember til 22. mars 2022. Det kom inn 29 høyringsinnspel, og fire av desse hadde ingen merknader.

Høyringsinnspela og spørsmåla som kom under høyringa, har vist at det er hensiktsmessig å ta ut reglane for lag og foreiningar og lage ei eiga forskrift for desse. I utgangspunktet var desse reglane tekne inn i §§ 1 og 2 i forskrifta som var på høyring. Avgjersla om å skilje ut desse reglane i ei eiga forskrift er ei regelteknisk endring som ikkje medfører noko endring i det materielle innhaldet i reglane.

Høyringsinstansane var jamt over positive til innhaldet i det nye regelverket for lag og foreiningar. Reglane er ei forskriftsfesting av tidlegare forvaltningspraksis. For ein nærare gjennomgang av høyringsinnspela viser direktoratet til høyringsmatrisa til forskrift om fartøy som blir brukte av opplæringsinstitusjonar, sjå vedlegg.

 

Tilhøvet til skipssikkerhetsloven

Med heimel i skipssikkerhetsloven § 2 fjerde ledd har Sjøfartsdirektoratet gjeve særlege reglar om konstruksjon, utstyr og kvalifikasjonar for fartøy med største lengd under 24 meter.

I skipssikkerhetsloven § 2 tredje ledd bokstav a er det gjeve høve til å gje forskrift om at loven heilt eller delvis ikkje skal gjelde for skip med største lengd under 24 meter. Det gjekk fram av høyringa til forskrift om fartøy som blir brukte av opplæringsinstitusjonar, lag eller foreiningar, at fartøy som blir brukte av lag og foreiningar, ikkje skulle fylgje paragrafen som sette krav om tryggleiksstyringssystem. Sjøfartsdirektoratet har her nytta heimelen i skipssikkerhetsloven § 2 tredje ledd til å halde desse fartøya unna kravet i skipssikkerhetsloven § 7 om tryggleiksstyringssystem.

For ordens skuld vil Sjøfartsdirektoratet peike på at reglane om tilsyn i skipssikkerhetsloven framleis gjeld.

 

Merknader til dei einskilde paragrafane

 

Til § 1 Verkeområde

Ordet «personar» omfattar alle om bord (inkludert mannskapet), uavhengig av kva dei internt måtte ha av stillingstitlar. Forskrifta gjeld for norske fartøy. I første punktum er det no presisert at forskrifta gjeld for skip som ikkje er sertifiserte til å føre passasjerar. Det er ein føresetnad at laget eller foreininga er registrert i Brønnøysundregistrene.

 

Til § 2 Krav til konstruksjon, utstyr og kvalifikasjonar

Fartøy med største lengd under 24 meter som blir brukte av medlemmar i lag eller foreiningar til fritidsaktivitetar med 35 eller færre personar om bord, skal fylgje reglane som gjeld for fritidsfartøy. Laget eller foreininga må ha maritim kompetanse, slik at det kan leggjast opp til ei forsvarleg drift som varetek omsynet til tryggleik. Det er også ein føresetnad at medlemmane har ei reell tilknyting til foreininga, at turane er for medlemmane i foreininga, og at bruken av fartøyet best kan skildrast som fritidsaktivitet.

Regelen i § 2 gjeld når fartøyet vert brukt til fritidsaktivitetar. Uttrykket fritidsaktivitetar er vidt og omfattar alle slags aktivitetar som fritidsbåtar typisk vert brukte til i fritida. Dette kan mellom anna omfatte kystlag der medlemmene gjer dugnadsarbeid og brukar foreininga sine fartøy, seglforeiningar som brukar eigne fartøy til turar eller regattaer, dykkarklubbar eller sjøspeidarar på tur. Fritidsaktivitetar som er organiserte gjennom foreiningar, og som medlemmane frivillig oppsøkjer og tar del i, har klare likskapstrekk med aktivitetar som det er høve til å drive med under formuleringa «utenfor næringsvirksomhet». Avgrensinga til fritidsaktivitetar markerer også at unntaket ikkje gjeld lag eller foreiningar som til dømes har til hovudføremål å dekkje eit transportbehov.

Lag eller foreiningar må kunne informere om sine aktivitetar, til dømes på eiga heimeside eller i sosiale medium. Dersom foreininga tilbyr turar for ålmenta, eller viss personar utan tilknyting til samanslutninga i staden for å betala billett betaler “medlemskontingent” for å vere med på enkeltturar, vil ordinære reglar for føring av passasjerar gjelde.

 

§3 Iverksetjing           

Forskrifta trer i kraft 1. oktober 2022.

 

Vedlegg: