- Vi ynskjer at norske verft skal kunne bygge fleire skip. Difor opnar me for at GIEK kan garantere for fleire byggesaker, seier næringsminister Monica Mæland.

Garantiinstituttet for Eksportkreditt (GIEK) gir garantiar på vegne av staten.

For at GIEK skal gje garanti til bygging av skip, må kjøparen betale inn minimum 20 prosent av kontraktssummen i løpet av byggeperioden.

- Dette vilkåret er ikkje i tråd med endringane som har skjedd i marknaden. Difor justerer me kravet, slik at det blir i tråd med det dei private bankane tilbyr. Dette vil gjere norske verft meir konkurransedyktige, fordi dei nå får lettare tilgang til finansiering. Dette er òg gode nyhende for ein leverandørindustri som har nokre tøffe år framfor seg, seier Mæland.

Endringa kjem i samband med regjeringas nye maritime strategi. Regelen gjeld frå og med 1. mai.

Dei nye reglane inneber at kjøparen kan betale inn mindre enn 20 prosent. GIEK kan sjølv bestemme denne delen, ut ifrå risikoen i den enkelte saka.

Saka er opprinneleg publisert på regjeringen.no - les meir om saka her.