- Det er sjølvsagt kjekt å få dette avklart. Eg har søkt om å få halda fram i stillinga fordi eg trivest godt i jobben. Sjøfartsdirektoratet gjer ein god og viktig jobb, seier Akselsen. Næringsminister Monica Mæland er svært nøgd med jobben Akselsen har gjort så langt.

- Olav Akselsen har som sjøfartsdirektør dei siste seks åra gjort ein svært god innsats for den maritime næringa, mellom anna gjennom modernisering av Sjøfartsdirektoratets IT-tenester, og forenkling av det maritime regelverket. Det er difor gledeleg at han held fram som sjøfartsdirektør i Sjøfartsdirektoratet, seier  Mæland i ei pressemelding frå nærings- og fiskeridepartementet.

Han blei utnemnd til Sjøfartsdirektør i august 2008,og byrja i jobben etter stortingsperioden 2009 blei avslutta. Akselsen har 20 års røynsle frå Stortinget, der han har leia fleire komitear, som Justiskomiteen, Næringskomiteen og Utenrikskomiteen. Han var også olje- og energiminister i Stoltenberg 1- regjeringa.

 

Les pressemeldinga frå nærings- og fiskeridepartementet her:

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/sjofartsdirektor-for-seks-nye-ar/id2424109/