Det kan vera lurt å ha kameraet i bakhand når fine båtturar står for døra. Som i fjor og året før, arrangerer nemleg Sjøfartsdirektoratet ein fotokonkurranse der båtliv, sommar og idyll er stikkord.

 Kva fotografen legg i dette, er sjølvsagt opp til den enkelte, og alle som ønskjer det kan delta i konkurransen. Vinnarbiletet vil bli publisert i neste nummer av Navigare, som kjem ut i september. For at me skal klara å kåra vinnaren i tide, må me bileta tilsendt seinast 17. august.

Viktig:

- Send berre digitale bilete.

- Det må vera minst ein fritidsbåt med i motivet, i fart eller i hamn.

- Maks fem foto per deltakar.

- Bileta må vera på minimum 1MB, og så skarpe som muleg.

- Merk sendinga tydeleg med fotografens namn, adresse, telefonnummer, og eventuelt namn på båten.  Skriv gjerne nokre ord om kor, og i kva høve bileta er tekne.

- Innsendte bidrag kan bli nytta i Sjøfartsdirektoratet sine publikasjonar. Personar på bileta som kan identifiserast,  må vera kjende med dette.

 

Premiar:

  1. premie: Ipad mini og  flytevest
  2. premie: Flytevest og ryggsekk
  3. premie: Flytevest
  4. til 10. premie: Gymbag med diverse sjøvettartiklar

Send dine bidrag til: kast@sdir.no