Då pandemien nådde Noregblei tilsynsaktiviteten til Sjøfartsdirektoratet redusert til eit minimum, i samsvar med råda frå Folkehelseinstituttetog fristen for fartøyssertifikat blei utvida med tre månader, ut året. 

vår testa direktoratet ut fjerntilsyn på revisjonar med gode resulatat. Opphopinga av tilsyn gjer arbeidsmengda stor framover, og direktoratet vil difor opna for å vidareføra og utvida tilbodet om fjerntilsyn for ein periode 

 Vi trappar gradvis opp tilsynsaktiviteten, i tråd med gjeldande reiseråd. I første omgang vil vi prioritera å gå fysisk om bord på fartøya som har høgast risiko, og dei som har vore involvert i ulykker og hendingar. Vi er og tilsynsmyndigheit for ei rekkje skip som er katergoriserte som låg-risikofartøy i våre system. Dette er gjerne nyare skip, med gode system og god historikk frå tilsyna våre. For desse vil me no tilby fjerntilsyn som ei frivillieg ordning, seier Thomas Angell Bergh, som er underdirektør for Inspeksjon, revisjon og beredskap i Sjøfartsdirektoratet.

For fartøy med tettpakka seglingskalenderar vil denne løysinga også by på meir fleksibilitet.  

Frivilleg ordning 

Angell Bergh opplyser at reiarlaga må bestilla tilsyn på vanleg måte. Samstundes kan ein be om fjerntilsyn. Sjøfartsdirektoratet vil vurdera om fartøyet kvalifiserer for fjernrevisjon eller ikkje 

– Dette er ei frivilleg ordning for reiarlaga, som innebærer at dei sender inn ein del dokumentasjon på førehand. Den går gjennom på same måte som me ville gjort om me var fysisk om bord, seier Angell Bergh. 

Fjerntilsyn vil kreva bruk av digitale løysingar som telefon, Skype, Teams, videooverføring etc. Reiarlaga må sørga for å kunna presentera dokumentasjon elektronisk ved til dømes pålogging, epost, direktefilming eller deling av skjerm. 

– Dersom det til dømes oppstår tekniske problem kan det henda me må om bord etterpå for å sjekka opp i enkelte tingseier Angell Bergh.  

Gode erfaringar 

Sidan starten av april har Sjøfartsdirektoratet opna for at revisjonar av rederikontor, samt verifikasjonar for mellombels ISM-sertifisering av skip og rederikontor blei gjort via fjerntilsyn. I midten av mai blei ordninga utvida til å gjelda alle revisjonar og tilsyn for SMC, ISPS og MLC.  

Benedicte Gudjonsson er senioringeniør ved Oslo regionskontor, og har fått testa ut ei rekke ulike fjerntilsyn. Særleg revisjonar med reiarlag er godt eigna for fjerntilsyn, meiner ho.  

–  Det har gått veldig greittein fordel er at ein får dokumentasjonen meir synleg, samstundes som ein sparer mykje reisetid, seier Gudjonsson. Ho har også føretatt fartøysrevisjon på tre Bastøfergerog krengjeprøvar på eit nybygg i Sverige via Teams. 

– Då har me heile tida hatt ein mann med kamera, som filmar det me ber han visa oss og så testar dei det der og då, forklarer Gudjonsson.


KRENGEPRØVE: Her utføres det fjerntilsyn på et av redningsselskapets nybygg i Sverige. Foto: Sjøfartsdirektoratet

Kollegaen hennar i Stavanger, Sigmund Fossane ser også fordelar med fjerntilsyn i samband med revisjonar, men legg ikkje skjul på at han ser fram til å gå ut på ordinære tilsyn om bord.  

– Eg har kun gjort fjerntilsyn på revisjonar, og så sant det tekniske er på plass fungerer det bra. Det er fint å kunna studera dokumenta på eigen skjerm i stadan for å henga over skuldrene på folk.

Samstundes mister ein den mennesklege faktoren, så eg ser fram til fysiske tilsyn om bord ogsåseier Fossane