25 av dei omkomne var menn. Dei fleste var godt vaksne med ein snittalder på 59 år. 92 % av dei omkomne var 40 år eller eldre.

– Dette viser at vi alle, og kanskje spesielt dei som er godt vaksne, må bli flinkare til å tenkje tryggleik når vi er ute på sjøen. Det er ikkje så mykje ein skal gjere for å auke tryggleiken, til dømes bruke flytevest, seier sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide.

Risikabelt å drive fiske, spesielt i dårleg vêr

Dei to siste åra har det vore ein formidabel auke av nordmenn som er ute i båt på fritida, og mange driv med aktivitetar som garn- og hummarfiske. I fjor var det diverre sju personar som mista livet medan dei dreiv med fiske, og fem av desse var åleine i båten då ulykka skjedde. Fleire fall i sjøen då dei sette eller trekte teiner eller garn.

– Det er viktig å vurdere vind og bølger før ein dreg ut på sjøen, spesielt viss du er åleine og skal handtere tauverk og tunge reiskapar, seier Hareide.

– Sjøfartsdirektoratet tilrår alltid å ha med vasstett kommunikasjonsutstyr i båt, slik at du kan få hjelp i tide om noko skulle skje. VHF er viktig når noko skjer, men det er òg lurt å ha med seg ein fullada mobiltelefon. Ber han helst på kroppen i ein vasstett pose. Dei nyaste redningshelikoptera kan brukast som «mobilmaster», som kan gjere det mogleg å få kontakt sjølv der det er dårleg dekning. Utstyr båten din med ein god leider og bruk alltid flyteutstyr, legg han til.

Manglande eller feil bruk av flyteplagg

19 av dei 26 som omkom i 2021, brukte ikkje flyteutstyr. Minst éin av dei omkomne som brukte vest, hadde ikkje festa vesten skikkeleg. Manglande bruk av skrittstropp kan til dømes føre til at vesten flyt opp, og hovudet blir pressa under vatn. Det er viktig at stroppane er godt festa, og at du brukar ein vest som er tilpassa vekta di.

Tragiske ulukker i elv og langs kai

Det er ikkje berre på sjøen det skjer ulykker med fritidsbåt. I fjor var det fem personar som mista livet i elv og tre personar i ferskvatn. Tre av desse var på kanotur.
Ulukker som skjer medan båten ligg til kai, er òg tatt med i statistikken. Fem personar omkom medan fartøyet låg til kai, og to av desse omkom under vedlikehaldsarbeid på fartøyet. Det er lurt å ta på flyteutstyret før du går om bord i båten.

Promille på sjøen er ein risiko, både for båtførar og passasjer

Ni av dei 26 som omkom ved bruk av fritidsbåt i 2021, er så langt bekrefta rus-/alkoholpåverka. Bruk av alkohol eller rusmidlar kan auke risikoen ved mange ulike aktivitetar på fritidsfartøy, og det er både førarar og passasjerar blant dei omkomne. To av dei ni omkomne med rus/promille mista livet då dei bevegde seg mellom båt og brygge, fem var båtførarar, og to var passasjerar.

 

Meir informasjon om fritidsbåtulykkene i 2021 der nokon omkom, finn du i Årsrapporten for ulykker med fritidsfartøy 2021.

Les også meir om fritidsbåtulykker i Sjøfartsdirektoratets digitale ulykkesstatisikk.