Hopp til hovedinnhold

Krav til kvalitetssystem

Sjøfartslege skal ha eit kvalitetssystem som sikrar at arbeidet blir utført i samsvar med helseforskrifta.

System for kontinuerleg forbetring

  • Systemet skal vere i samsvar med ein internasjonalt godkjend standard, t.d. ISO 9001. Men det er ikkje krav om sertifisering av systemet. 

  • Å sikre at arbeidet du utfører på vegne av Sjøfartsdirektoratet er i samsvar med relevant regelverk som du forvaltar. Systemet skal også beskrive korleis verksemda di som sjøfartslege er organisert for å oppnå dette.  

    Hovudprinsippet er å utvikle, levere, forbetre og klargjere.  

  • Du stadfestar at du har eit kvalitetssystem ved å fylle ut eigenerklæring om dette. Erklæringa skal leggast ved søknad om godkjenning/fornya godkjenning som sjøfartslege.

    Dersom du skiftar arbeidsstad, må du sende inn ei oppdatert eigenerklæring til Sjøfartsdirektoratet. 

  • Sjøfartsdirektoratet har utarbeidd eit rundskriv som viser minstekrava til eit kvalitetssystem.

    Rundskrivet RSV 11-2021 Kvalitetssystem for sjømannsleger bygger på prinsipp frå internasjonale standardar for kvalitetssystem, men er ikkje fullstendig i høve til dei respektive krava i dei ulike standardane.