Hopp til hovedinnhold

Helseundersøkinga

Her finn du relevant informasjon i samband med gjennomføring av ei helseundersøking. Du finn veiledning til helseforskrifta, og til innregistrering av helse- og udyktighetserklæringar nederst.

Nytt system: Frå 1. juni 2026 slutta den tidlegare Altinn-løysinga for innrapportering av helse- og udyktigheitserklæringar å fungere. Nedanfor på denne sida finn du ei rettleiing til det nye systemet for innrapportering.

 

Logg inn som privatperson: Systemet fungerer berre for sjøfartslegar som er innlogga som privatpersonar. Du skal difor ikkje logge inn på vegner av ei verksemd.

 

  • Som sjøfartslege skal du i tråd med forskrift om helseundersøkelse av arbeidstakere på norske skip og flyttbare innretninger (helseforskrifta) kontrollere om arbeidstakar har tilstrekkeleg helse til å klare å utføre arbeidet om bord på ein sikker måte, både under ordinær drift og i nødsituasjonar.

    Du skal mellom anna undersøke syn/fargesyn, høyrsel, arbeidstakaren si fysiske funksjonsevne, og sjå på eventuell bruk av medisinar mv. Du kan gjerne nytte dette skjemaet, som også inneheld arbeidstakaren si eigenerklæring.

    Ved avslutta undersøking skal du gi arbeidstakaren ei utskrift av elektronisk helse -og/eller udyktighetserklæring. Dersom elektronisk versjon ikkje er tilgjengeleg, skal du nytte helse- og/eller udyktighetserklæring i papir på skjema KS 0499-1 B/E og/eller KS 0415 B/E. Resultatet frå helseundersøkinga skal alltid etterregistrerast når det elektroniske systemet igjen er tilgjengeleg. 

    Arbeidstakaren står fritt til å velje sjøfartslege som skal utføre undersøkinga.

  • Helseforskrifta krev ikkje involvering frå arbeidsgivar, og arbeidstakaren har ikkje plikt til å gi helseopplysningar til arbeidsgivaren sin. Samstundes er det til alle sin fordel at den totale arbeidssituasjonen, inkludert risikovurdering, er beskrevet, og at arbeidsgivar- og takar er einige om beskrivinga. I fagnemndsaker vil slike opplysningar medverke til at fagnemnda kan gi raskare og meir treffsikre vurderingar av moglege konsekvensar som kan true tryggleiken, skulle ei medisinsk hendig intreffe.

    Informasjon om arbeidsplassen kan innhentast på ulike måtar, som kvar for seg kan gje ulik informasjon, og som samen vil kunne gje eit godt totalbilete:

    1. Beskrivelse av arbeidsoppgaver
    2. Eigenevaluering av arbeidsevna
    3. Arbeidsevneevaluering frå arbeidsgivar
    4. Risikovurdering gjennomført av arbeidstakaren- og givar saman

    Her er skjema for dialog mellom arbeidstakar- og givar ved innhenting av opplysningar om arbeidsplass og arbeidsevne.

     

     

  • Helseundersøkinga betalast av rederiet.

  • Du kan tillate at den som har sitt arbeid om bord fortsett i same eller mindre krevjande teneste om bord dersom:

    1. det ligg føre klage eller søknad om dispensasjon frå arbeidstakaren
    2. rederiet eller skipsføraren har gitt skriftleg samtykke 
    3. du finn at ei utsett iverksetting av vedtaket ikkje er i strid med § 1 i helseforskrifta

    Ei tillating kan gis for ein periode som ikkje skal overstige seks månader. Det er aldri anledning til å forlenge tidsperioden gjennom eit nytt vedtak om utsett iverksetting. 

    Føremålet med utsett iverksetting av vedtak er at arbeidstakeren skal få fortsette i arbeidet sitt eller ei mindre krevjande teneste, inntil klagen eller søknaden om dispensasjon er avgjort. 

    Skjemautfylling
    Du skal fylle ut skjema for udyktigheit, samt informere om kor lenge utsettinga varer. Samstundes skal ei helseerklæring utstedast for same periode.

    Samtykkeinnhenting
    Når du skal innhente samtykke frå rederi eller skipsfører, kan dette skjemaet nyttast.

    Rederi/skipsfører skal signere skjemaet, uavhengig av om samtykke til utsett iverksetting av vedtak vert gitt eller ikkje, og returnere det til deg. Det er først når rederi/skipsfører har gitt skriftleg samtykke til utsett iverksetting av vedtak, at du kan registrere ei tidsavgrensa helseerklæring for perioden den utsette iverksettinga skal gjelde (maksimalt seks månader).

    Dersom rederi/skipsfører ikkje gir skriftleg samtykke, verken på skjema fastsatt av Sjøfartsdirektoratet eller i eit anna dokument, kan du ikkje fatte vedtak om utsett iverksetting.