
Vil styrke tryggleiken i anbodsprosessar
Fleire aktørar i den maritime næringa vil no arbeida for at tryggleik blir ein større del av anbodsprosessen for ferje- og snøggbåtsamband. Målet er ein felles rettleiar som skal setje både sjøfolk og reisande si tryggleik i høgsetet.
GARDERMOEN: Torsdag 11. juni var eit breitt utval frå ferge- og snøggbåtnæringa samla til ein dag med fagleg innhald. Sjøfartsdirektoratet arrangerte seminaret som eit felles startpunkt for arbeidet med tiltaka i handlingsplanen for tryggleik til sjøs (Nullvisjonen).
To av handlingsplanen sine 53 tiltak for næringsfartøy vart særskilt arbeidde med. Tiltak knytta til rammevilkåra i ferge- og snøggbåtnæringa, som mellom anna skal gjere tryggleik til ein viktigare del av anbodsprosessar.
Desse to tiltaka frå handlingsplanen blei arbeidde med:
- Sjøfartsdirektoratet vil ta initiativ til å utarbeide en veileder for anbudsprosesser for ferge og hurtigbåtsamband som setter ansattes og passasjerers sikkerhet på agendaen. Veilederen skal fremheve hvordan sikkerhet blir påvirket av ulike faktorer som ruteplanlegging, sanksjoner og bemanningsstørrelse, og hvordan økte insentiver for høyere sikkerhet vil være til fordel for både oppdragsgivere og leverandører. Sjøfartsdirektoratet skal fortløpende vurdere utvikling av tilsvarende veileder for andre næringer.
- Sjøfartsdirektoratet vil ta initiativ til et forpliktende samarbeid mellom oppdragsgivere for ferge og hurtigbåtsamband. Formålet er å (1) oppnå større grad av samkjørt bestillerkompetanse, særlig knyttet til hvordan sikkerhet blir påvirket av ulike faktorer som ruteplanlegging og sanksjoner, (2) øke erfaringsdelingen på beste praksis for sikkert design og drift, samt (3) etablere arena for diskusjon av felles sikkerhetsrelaterte retningslinjer og føringer utover forskriftsregulering.
Står saman om målet
Det var kring 60 personar som deltok. Her var dei fleste ferje- og snøggbåtreiarlaga representerte, saman med alle arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane. Statens vegvesen stilte med fleire deltakarar frå ulike fagområde innan fergedrift, innkjøp og kontraktsoppfølging. Kollektivtrafikkforeininga deltok med to representantar frå Skyss.
– Engasjementet frå heile salen var godt under heile arrangementet. Sjøfartsdirektoratet ser fram til å arbeida vidare med dette saman med næringa. Målet er at tryggleiken for både tilsette og reisande skal spele ei vesentleg rolle i anbod, seier underdirektør Sonja Elisabeth Hillersøy-Ådnesen for Underavdeling passasjerskip i Sjøfartsdirektoratet.
Direktoratet tek no initiativ til å få på plass ei arbeidsgruppe som skal jobba fram mot ein slik anbodsrettleiar, som nemnt i tiltaka ovanfor. Arbeidsgruppa skal ha ei brei samansetjing, hovudsakleg basert på dei same aktørane som deltok på seminaret.
Kort oppsummering av programmet
Første delen av dagen handla om dagens ordningar med kontraktar, mellom anna oppfølging av sanksjonar. Her fekk deltakarane gode føredrag frå Statens vegvesen og Kollektivtrafikkforeininga, representert ved Skyss.
Dette vart følgt opp av ein bolk som tok føre seg kviletid og bemanning, der det mellom anna vart presentert forskingsresultat frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Fafo.
Dr. Bikram Bhatia frå HVL førelas om forskinga si på arbeids- og kviletid, som viser at rammeverket for utforming av regelverk for arbeid til sjøs er langt svakare enn på land. Dessutan har sjøfolk arbeidstider som langt på veg overstig dei grensene som ILO reknar som helseskadelege.
Rolf Andersen i Fafo hadde forska på kor vidt anbodsregimet påverkar tryggleiksbemanninga på fergene. Resultatet viste at anbod skaper press, som igjen kan føre til lågare bemanning. Gjennom intervju kom det dessutan fram at innkjøparane av ferjetenester ikkje ønskjer ansvar for bemanning eller HMS-spørsmål.
Den andre delen av dagen handla meir om korleis ein arbeider med tryggleikskultur i næringa, og deltakarane fekk innsyn i kva enkeltreiarlag har gjort for å få inn HMS i kontraktar med oppdragsgjevarar.
