
Tilskotsordning for sjøfolk godkjend av ESA
EFTAs overvakingsorgan (ESA) godkjende 27. april den nye tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk. Ordninga trådde i kraft 1. mars
Den nye tilskotsordninga er ei oppfølging av maritim strategi, som regjeringa la fram i fjor sommar.
- Tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk er det viktigaste verkemiddelet for å halde på maritim kompetanse og rekruttering av nye sjøfolk i Noreg. Den sikrar også at norske sjøfolk og skipsfartsnæringa har like rammevilkår som i EU, seier næringsminister Monica Mæland (H).